BESØKTE ÅRDAL: Leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, besøkte Årdal tysdag, der han hovudsakleg snakka om sysselsetting og lærlingar. Her er han på omvisning på Hydro på Årdalstangen saman med Arild Ingar Lægreid og Hilmar Høl. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BESØKTE ÅRDAL: Leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, besøkte Årdal tysdag, der han hovudsakleg snakka om sysselsetting og lærlingar. Her er han på omvisning på Hydro på Årdalstangen saman med Arild Ingar Lægreid og Hilmar Høl. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Støre: – Arbeidarpartiet fortener å gjera eit godt val

Leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, meiner det er ein inspirasjon å besøka Årdal i valkampen.

Årdalstangen: Tysdag blei Ap-toppen flydd inn med helikopter for eit times langt besøk på Årdalstangen, der han besøkte karbonfabrikken på Hydro.

I Årdal har det historisk sett vore lite spennande ved kommunevala, men i år kan det verkeleg sjå ut til at andre utfordrarar med Senterpartiet i spissen, kan ta opp kampen.

FLYDD INN: Ordførar Lægreid ventar på at Jonas Gahr Støre skal landa i Meiriparken.
FLYDD INN: Ordførar Lægreid ventar på at Jonas Gahr Støre skal landa i Meiriparken.

– Det er andre stader det blir jamnare, men det betyr ikkje at eg vil hoppa over Årdal, seier Støre til Porten.no før han drog vidare til Stord.

– Trur du Ap-bastionen i Årdal vil bestå etter dette valet?

– Eg synest det er fint at alle som stiller til val går til val med tanke om at det blir spennande, at du må overbevisa veljarane og fortena tilliten. Eg har stor tillit dei til som stiller til val her. Eg trur dei gjer det godt igjen, det fortener dei, men det er veljarane som avgjer.

Les også: Her har talet på arbeidsledige halvert seg på eitt år

Suksessen Årdal

Hovudtema for besøket var sysselsetjing og lærlingar. Årdal kan skilta med ei av dei lågaste arbeidsløysa i Noreg med 1,3 prosent av arbeidsstokken.

– Kjerna for arbeid er den produktive bedriften som driv godt og forstår si tid, og det handlar om å forstå marknad og menneske. Det som har gjort Årdal til suksess er at politikken har spelt godt på lag med bedriften, meiner han.

Les også: Dette seier partia i Årdal om eigen politikk

– Ein har sett dei tilsette i sentrum og bygd på denne flotte norske kvaliteten om dialog på arbeidsplassen. Det trur eg er ein viktig verdi, at alle har ein felles eigarskap.

Etter omvisninga gjekk Kristin Mørkved på karbon gjennom nøkkelinformasjon rundt Hydro før Anne Kauppi, dagleg leiar ved Sogn Opplæringskontor og Ap-politikar, fortalte om jobben dei har gjort.

LEIAR-SJØLVI: Leiar i Årdal Ap, Morten Skarsbø, nytta høvet til å ta bilete med Støre.
LEIAR-SJØLVI: Leiar i Årdal Ap, Morten Skarsbø, nytta høvet til å ta bilete med Støre.

Roste Sogn Opplæringskontor

Fleire av partia i Årdal har rosa Sogn Opplæringskontor for jobben dei gjer og det tiltaket dei er.

– Eg fekk dette presentert då me jobba med kunnskap inn mot vårt landsmøte, og dette vart referert som ein suksess. Det er fint at fleire parti støttar opp om dette fordi det handlar om å få unge til å møtast og leggja dei koplingane som skjer opp mot bedriftene.

– Her er nokre bedrifter sterke og andre har store hol, og då treng du tilretteleggjarar som Anne. Det er eit imponerande resultat. 

Bli betre kjend med Arild Ingar Lægreid, Arbeidarpartiet

Til toppen