FLAUMUTSETT: Omtrent heilt Lærdalsøyri er utsett for flaum. Etter fleire år med diskusjonar ser det endeleg ut til at det skal setjast inn tiltak som skal hindra ein katastrofe når Lærdalselvi flaumar over. (Foto: Jan Christian Jerving)

Store delar av Lærdalsøyri er flaumutsett – no startar arbeidet med å flaumsikre området

Pleie- og omsorgssenter, skule, barnehage og verna trehusmiljø står i fare ved større flaumar i Lærdalselvi.

Lærdal: I fleire år har Lærdal kommune i samarbeid med NVE jobba for å koma i gang med ein flaumsikringsplan for Lærdalsøyri. Seier dei folkevalde ja til å starta planarbeidet, vil første steg vere tatt.

Nye flaumsonekart viser at store delar av Lærdalsøyri er flaumutsett. Det er gjort fleire tiltak for å betre situasjonen ved at kommunen stiller krav ved ny utbygging, men for størsteparten av bygningsmassen er ikkje flaum noko ein har tenkt særleg på då det blei sett opp.

Rådhuset, skulen, barnehagen, pleie- og omsorgsenteret og det verna trehusmiljøet er alt døme på heilt essensielle funksjonar i Lærdal som ligg utsett til. Med nye føringar i overordna nasjonale regelverk på plass, må det gjerast grep.

– Utfordringa er å sikra seg mot flaum på ein måte som balanserer interessene. På den eine sida må me kunne utvikla og byggja ut Lærdalsøyri, men også ivareta interessene som gjeld landbruk og sjølve elva, forklarar rådmann Alf Olsen jr.

NVE dekkar 80 prosent

Sist dette var tema i kommunestyret i Lærdal var i mars 2016. Den gongen vart det skissert eit omfattande planarbeid med forprosjekt, planprogram, konsekvensugreiing og eit omfattande reguleringsplanarbeid. Berre planarbeidet vart kostnadsrekna til 2,5 millionar kroner, medan sikringstiltaka ville kosta 50 millionar kroner.

NVE har stadfesta at dei kan gå inn og dekka 80 prosent av kostnadene ved å flaumsikra Lærdalsøyri dersom kommunen tek resten.

– Det er nok ein vanleg praksis når det er store samfunnsinteresser som står på spel. Det må ein kunne seia at det er i dette tilfellet, seier rådmannen.

Langt rimelegare planarbeid

Det viser seg også at omfanget av prosjektet bli mindre enn først skissert. Sidan NVE meinte at flaumsikringsplanen kunne gjennomførast utan reguleringsplanarbeid, vert det konkludert med at planleggingsarbeidet kan skalerast ned monaleg. Det betyr at kommunen kan ta planarbeidet sjølv. I så fall vil kostnaden berre vera på 200.000 kroner.

Men kommunen ønskjer ein reguleringsplanprosess slik at grunneigarane får sjansen til å medverke i større grad. Det blir også lagt vekt på at eit kunnskapsgrunnlag må på plass før ein kan gjennomføre tiltaka.

– Primærinteressa er å sikra bygningane på Lærdalsøyri. Det må vega tungt, men me må prøva å finna løysingar så langt det let seg gjera for å ivareta alle interesserer.

– Har du døme på tiltak?

– Dette er jo noko som kjem frå NVE, men det er ulike ting ein kan gjera. Ein kan heva flaumsikringa som allereie er der, byggja eit system som fangar opp ting dersom det renn over, eller ein kan utvida elveløpet.

Til toppen