STORE FORSKJELLAR: Det kan koste mellom 0 og 60.000 kroner å få ein byggjesøknad behandla i norske kommunar. Forbrukarombodet reagerer på den enorme forskjellen. Illustrasjonsfoto. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Store forskjellar i byggjegebyra til kommunane

Det kan koste mellom 0 og 60.000 kroner å få ein byggjesøknad behandla i norske kommunar. Forbrukarombodet reagerer på den enorme forskjellen.

– Vi stiller spørsmål ved om dei tar seg for godt betalt rundt omkring i kommunane, seier fagdirektør Anne Kristin Vie i Forbrukarombodet til NTB.

Kommunane innrapporterer årleg byggjegebyra sine til SSB, og den siste statistikken kjem frå 2016. Forbrukarombodet har i tillegg henta inn nye tal frå 2017, som viser at fleire av dei «dyraste» kommunane held fram å auke prisane.

– Vi stussar når den dyraste kommunen tar fire gonger så mykje som gjennomsnittet, seier Vie.

Store sprik

Enkelte kommunar subsidierer byggjesøknadskostnadane for å gjere det lettare å etablere seg. Dermed kan samanlikninga mellom dei aller billigaste og dyraste kommunane gi eit noko unøyaktig bilete.

Men sjølv når Forbrukarombodet samanliknar dei 30 dyraste kommunane, er forskjellane store. I 2017 er byggjesøknadsgebyret på 60.708 kroner i Nittedal kommune, som hamna på topp i 2016, medan det i Ringerike (nummer 30) kostar 22.000 kroner.

– Det handlar jo rett og slett om at kommunane ikkje skal ta meir enn det faktisk kostar, seier Vie.

Manglar grunngiving

Kommunane har berre lov til å ta gebyr som dekkjer dei faktiske kostnadene. Forbrukarombodet stussar over at det er store sprik både i timeprisen kommunane oppgir og i kor mange timar kommunane bruker på saksbehandlinga.

– Vi skal også huske på at dette er ein søknad, eit standardoppdrag. Dette gjer at dei store ulikskapane er vanskeleg å forklare, seier Vie.

(©NPK)

Til toppen