Med skanning av heile landet vil Kartverket få detaljerte høgdedata over landskap og bygg. Illustrasjon: 42nd Pixel / Kartverket
Med skanning av heile landet vil Kartverket få detaljerte høgdedata over landskap og bygg. Illustrasjon: 42nd Pixel / Kartverket

Store moglegheiter i frigjevne høgdedata

Meir og meir offentleg data blir gjort tilgjengeleg for etatar, gründerspirer og andre. No vil regjeringa frigje alle høgdedata som blir samla inn gjennom laserskanning av heile landet.

Kartverket er prosjektleiar for det såkalla Nasjonal detaljert høgdemodell, der mesteparten av Noreg skal laserskannast frå fly – ein ny og langt betre metode enn det ein tidlegare har brukt for å kartleggje høgdene landet over.

– Staten frigjev alle høgdedata som blir samla inn. Desse dataa kan brukast til veldig mange ting. Her er det berre fantasien som set grenser, sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) då han presenterte nyheita på datatreffet #hack4no nyleg.

Prosjektleiar for Nasjonal detaljert høgdemodell, Jon Arne Trollvik.
Prosjektleiar for Nasjonal detaljert høgdemodell, Jon Arne Trollvik.

Skannar kvar kvadratmeter

Så langt har regjeringa løyva 300 millionar kroner til prosjektet, som for alvor blei starta i år og skal halde fram til 2020.

– Dette er eit stort prosjekt der kvar kvadratmeter av landet skal kartleggjast og få ei detaljert, bestemt høgd. Vi brukar litt ulike metodar, men laserskanning frå fly er hovudsaka. Vi nyttar oss også av noko eksisterande data, i tillegg til ein teknikk som kallast bildematching i fjellområde utan vegetasjon, seier prosjektleiar Jon Arne Trollvik i Kartverket til Nynorsk pressekontor.

Samfunnsnytte

I tillegg til at apputviklarar og andre gründarar no får meir og meir data å setje fingrane i, vil høgdedataa også kunne gjere stor nytte i samfunnet elles.

– Nytta for samfunnet generelt vil særleg vere innan beredskap mot flaum, ras og skred, men det kan også vere interessant for kommunane. Då kan dei til dømes planleggje kor folk skal bu og gjere analysar slik at dei slepp å vere utrygge. Særleg i bratte område kan dette vere nyttig, forklarar Trollvik.

– Du får mange ulike aspekt og produkt. Éin ting er at vi i Kartverket får ein detaljert terrengmodell som har mange bruksområde for oss. Du får også mellom anna ein overflatemodell som dei som jobbar med skog kan bruke til å måle biomasse, til dømes, fortset han.

Artikkelen held fram under biletet.

Med skanning av heile landet vil Kartverket få detaljerte høgdedata over landskap og bygg. Illustrasjon: 42nd Pixel / Kartverket
Med skanning av heile landet vil Kartverket få detaljerte høgdedata over landskap og bygg. Illustrasjon: 42nd Pixel / Kartverket

Arkeologisk interesse

Fleire selskap har meldt si interesse for prosjektet, og også arkeologane frydar seg, kunne forskning.no fortelje tidlegare i år.

– Dette er eit vitskapeleg gjennombrot. Vi ser tufter, røyser, gamle vegar, alt det hjartet kan ynskje. Bileta er heilt utrulege, sa Lars Holger Pilø, arkeolog i Oppland fylkeskommune, til nettstaden.

Slik det er no, får Kartverket finansiert skanning med ei oppløysing på to punkt per kvadratmeter. Arkeologane er truleg ute etter høgare oppløysing, men det gjer det ikkje mindre interessant, seier Trollvik i Kartverket.

Artikkelen held fram under biletet.

Bildeteks230.000 kvadratmeter av Noreg skal skannast med laser frå fly dei neste åra.
Bildeteks230.000 kvadratmeter av Noreg skal skannast med laser frå fly dei neste åra.

– Ein kan til dømes finne kulturminne som det ikkje er mogleg å sjå i terrenget. Særleg ved vegutbyggingar er dette aktuelt. Og dei som er interessert i å vere med på å finansiere høgare oppløysing, får ei basisfinansiering gjennom dette prosjektet.

Manar til kreativitet

Statsråd Sanner er godt nøgd med at stadig fleire data – frå kart- og vêrdata til kulturdata – blir gjort tilgjengelege for alle.

– Vi ser at fleire av datasetta som alt er sleppte, har resultert i nye tenester. Døme er opne data frå Statens vegvesen som gjer det mogleg å leige ein privateigd bil i nabolaget, eller tenesta som brukar data frå Legemiddelverket til å hjelpe folk til å ta rett medisin til rett tid. Dette syner at vi gjer lurt i å offentleggjere data, slik at kreative krefter kan finne lure løysingar, seier Sanner. (©NPK)

Til toppen