DUGNADSAND: Kring 30 medlemmar i ÅTIL deltok på dugnaden for å få bassenget på Tangen sesongklart. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun
DUGNADSAND: Kring 30 medlemmar i ÅTIL deltok på dugnaden for å få bassenget på Tangen sesongklart. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun

Store og små gjorde bassenget klart på dugnad

Medlemmane i ÅTIL tok skurebørstar, langkostar og høgtrykksspylar fatt for å gjera bassenget på Årdalstangen klart til badesesongen.

Årdal: - Spesielt viktig er det å få med dei unge på ein såpass fin dugnad som dette så dei får inn litt dugnadsand. Dei ser ut til å ha det kjekt, seier leiar å ÅTIL, Roy Bergerud.

Flittige mindre og litt grøvre nevar er i sving med diverse utstyr for å vekkja bassenget på Årdalstangen frå vinterdvalen så det er reint og fint til vatn blir fylt oppi ei gong i juni.

Artikkelen held fram under biletet

TRENG EIN VASK: Liten tvil om at jobben desse karane gjer er naudsynt for at bassenget på Tangen blir ein triveleg stad å opphalda seg.
TRENG EIN VASK: Liten tvil om at jobben desse karane gjer er naudsynt for at bassenget på Tangen blir ein triveleg stad å opphalda seg.

- Alle bidreg på sitt vis

Rundt 30 medlemmar i idrettslaget deltek, og Bergerud er nøgd med dugnadsanda.

- Dei fleste me spør gjer jobben med eit smil om munnen, her er ikkje sure fjes. Så me har veldig flittige medlemmar hjå oss.

Dei gjorde jobben for kommunen i fjor og fekk oppdraget også i år.

- Eg håpar det blir ei årleg greie, for dette byggjer samhald. Dei som ikkje kan vera med på sjølve vaskinga bakar kaker som me andre et, så alle bidreg på sitt vis, seier Bergerud.

- Kjekt når me er så mange

KJEKT: Også dei litt større gutane såg ut til å ha det gøy med vatn på dugnaden.
KJEKT: Også dei litt større gutane såg ut til å ha det gøy med vatn på dugnaden.

Dei minste jobbar ivrig med barnebassenget, medan dei største gutane ser ut til å vera i sitt ess når dei får spyla med ein diger slange det må to til for å handtera.

Albert Karlsen Hæreid har ikkje noko i mot å bruka eit par timar på dugnad ein onsdag ettermiddag.

- Eg stiller opp når eg blir spurd. For nokon må gjera det. Så blir det kjekt når me er så mange; då pratar og ler me innimellom og tek oss ein pause med eit kakestykkje mellom slaga.

- Så er det kanskje greitt å gjera klart noko dei fleste her vel kjem til å nytta seg av til sommaren?

- Absolutt. Eg er ikkje sikker på om eg kjem til å bada her, men ein dukkert kan det jo alltids bli.

 

Til toppen