ANKER: Siri Kleiven Strøm frå Årdal (t.v.) og Tori Pedersen frå Aurland på jobb samstundes som tilhøvesvis nyhende- og sportsanker i TV2. Foto: TV2 
ANKER: Siri Kleiven Strøm frå Årdal (t.v.) og Tori Pedersen frå Aurland på jobb samstundes som tilhøvesvis nyhende- og sportsanker i TV2. Foto: TV2 

Store oppgåver for sognajentene i TV2 

Den eine er vaktsjef for sendingane frå Ekstremsportveko, den andre tek over som hovudnyheitsanker. Tori Pedersen frå Aurland og Siri Kleiven Strøm frå Årdal stig i gradene i medieverda.

Årdal/Aurland: – Eg er veldig glad for tilliten TV2 viser meg, og gler meg til å jobbe saman med dei utruleg flinke og rutinerte folka som lagar nyheitssendingane på hovudkanalen, seier årdalsjenta Siri Kleiven Strøm.

Først såg du henne i Vestlandsrevyen, det siste halvanna året har ho jobba som anker i TV2 Nyheitskanalen. No får Kleiven Strøm ein tyngre post ettersom ho tek over som hovudnyheitsanker etter Mah-Rukh Ali.

– Bratt læringskurve

Årdalsjenta vil såleis verta å sjå i nyheitssendingane på hovudkanalen framover. Ho skal dela på turnusen med eit anna profilert TV2-anker, Sturla Dyregrov.

– Ikkje på noko tidspunkt i karriera har læringskurva vore brattare enn i TV2. Eg føler eg har vakse veldig det siste halvanna året, og det er mykje takka vere rause kollegaer.

Ei anna sognajente du ganske sikkert har sett som anker i TV2-studioa er Tori Pedersen frå Aurland – i alle fall om du ser på sport. Ho har vore i TV2 sidan ho var ferdig med journaliststudiet for fem år sidan. Hovudsakleg jobbar Pedersen som reporter i Sporten, men i det siste har ansvarsområdet altså vorte utvida.

– Det har vorte nokre sendingar som anker no, ja. Og eg må jo seia det er kjekt å bli hyvd ut i det; å få prøva noko nytt.

70 fallskjermhopp

Hyvd uti det kan ein kanskje seia Pedersen også stadig blir i bokstaveleg forstand. Med 70 fallskjermhopp i ryggsekken kan ho litt om ekstremsport. Difor jobbar ho i desse dagar som vaktsjef for TV2 sine sendingar frå Ekstremsportveko på Voss.

– Eg føler liksom det er mitt felt. Det er ikkje så mange som kan mykje om ekstremsport hjå oss, og eg har no vore litt borti det. 

– Har du hoppa sjølv under "veko"?

– Ikkje i år, det har det ikkje blitt tid til. Så eg tok ikkje med fallskjermen min. Men i fjor fekk eg eit hopp her.

– Korleis er det å ha ansvaret for desse sendingane?

– Utruleg kjekt, men også svært hektisk. Eg føler sendingane har gått veldig bra. Det er jo eit vêrelement her som gjer at ein må tola litt omrokkeringar. Det endrar seg fort og me har alltid ein plan B. Men eg har utruleg flinke folk med meg, så eg tykkjer me handterer det bra.

– Spesielt kjekt med gode tilbakemeldingar heimefrå

Begge er i slutten av tjueåra og har på kort tid nådd langt i mediekarrierane sine. Det fører også med seg tunge ansvar. Kleiven Strøm poengterer at det då er spesielt kjekt med lukkeønskjingar heimefrå:

– Eg har fått mange gode tilbakemeldingar frå folk som heiar på meg. Både kollegaer og ikkje minst årdøler. Tusen takk for det!

Til toppen