Årdal: – Jonas Gahr Støre, eg stolar på deg, sa Helga Søgnen Hestetun då leiaren i Arbeidarpartiet i dag var i Årdal for å lufta ut etter ACER-uroa.
– Du er den beste leiaren i Arbeidarpartiet sidan Gerhardsen, sa Hestetun til applaus frå salen.
Støre meiner norske interesser er sikra

Mange i industrikommunen har vore uroa for kva konsekvensar Stortinget sitt ja til den tredje energipakka til EU vil få for arbeidsplassane. På folkemøtet prøvde Støre å dempa motstanden, og samtidig klara opp i det han meiner er misoppfatningar rundt energiavtalen med EU.
– Mange av påstandane som har kome rundt dette samarbeidet tek eg avstand frå, for eg meiner det er feil. Og nokre gongar er det feil med vilje, sa Støre frå talarstolen.
Han la til at det er ærleg å meina at Norge skal stå utanfor samarbeidet, men ikkje at eit ja betyr at Norge gjer frå seg styringa over kraftressursane.
På møtet gjekk Støre gjennom dei åtte krava Arbeidarpartiet fekk gjennomslag for før handsaminga av saka i Stortinget, og som Støre meiner sikrar norske interesser.
– At Arbeidarpartiet fekk med desse punkta, det synst eg var fantastisk, seier Søgnen Hestetun.

– Eg trur mykje av brodden vart teken vekk
På møtet vart det stilt fleire kritiske spørsmål frå salen. Men det gjekk ikkje like heitt for seg som då Støre hadde møtt dei fagorganiserte tidlegare på dagen. Mange synst dei åtte krava til Arbeidarpartiet er fornuftige, men stolar mindre på intensjonane til EU.
Difor er uroen der framleis for mange.

– Me er redde for industriarbeidsplassane våre. Dette er ting som er avklart i Norge, men kva vil EU vil seia til det? Det føler eg me veit for lite om, seier Andreas Bakken, leiar i Årdal kjemiske fagforening.
– Eg stolar på at han står inne for det han seier, men når det gjeld tilliten til resten av etablissementet veit eg ikkje om me er på lik linje.
Etter møtet var det mange som gav Søgnen Hestetun eit klapp på skuldra og rosande ord for det ho hadde sagt. Ho trur folk i Årdal vart overbeviste av det dei fekk høyra.
– Eg trur mykje av brodden vart teken vekk, seier ho.