STORE BLOKKER: Som ein kan sjå av raset, har store blokker kome ned og rast ut i vegbana. Det er no heilt umogleg å passere. Foto: Porten.no-tipsar. 
STORE BLOKKER: Som ein kan sjå av raset, har store blokker kome ned og rast ut i vegbana. Det er no heilt umogleg å passere. Foto: Porten.no-tipsar. 

Store steinar sperrar populær turistveg

– Det var flaks at vegen var stengt for vinteren. 

Galdane: Store steinblokker har rasa ut og sperrar no gamlevegen ved Seltaåsen i Lærdal. Den populære turistvegen går på utsida av E16 og Seltatunnelen og er mellom anna kjend for at ein midt i vegen på grunn av dei overhengande fjellsidene.

Det offisielle namnet på vegen er no fylkesveg 630, og for augneblinken er det umogleg å passere.

– Det var flaks at vegen var stengt for vinteren, seier Rune Dvergsdal i Statens vegvesen. 

Stengt for vinterem

Vegen vart nemleg stengt for vinteren for berre nokre veker sidan. Dette er eit innsparingstiltak for å sleppe vedlikehald i vinterhalvåret før han vert opna att til turistsesongen startar for fullt i midten av mai.

Dvergsdal fortel at dei allereie i dag skal opp med ein geolog.

– Der skal me sjå om det er meir som må sikrast eller ryddast vekk. Det er det første me har på tapeten, og så er eg usikker på om me let det liggja eller om me ryddar det med ein gong, seier han.

– Viss me må opp i fjellet og reinske, renn pengane fort ut. Viss det berre er å rydda raset, er det noko me kan greie, forklarar Dvergsdal.

Ber folk ta omsyn

Vegen er også eit fint turområde, og for berre eit par veker tilbake gjekk terrengløpet Galdane Rundt i desse trakter. Dvergsdal ber difor folk om å vere forsiktig. 

– Når forventar de å opne?

– Iallfall til 17. mai slik me plar.

Til toppen