RAS: Stedjebergtunnelen ligg nokre hundre meter ut av Sogndal sentrum på veg mot Leikanger. Foto: tipsar.
RAS: Stedjebergtunnelen ligg nokre hundre meter ut av Sogndal sentrum på veg mot Leikanger. Foto: tipsar. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Store steinar sperrar riksveg i Sogndal

Eit stort steinras ved Stedjebergtunnelen i Sogndal gjer at vegen er stengt for trafikk.

Sogndal: Politiet sende ut melding om raset på twitter rundt klokka 10:30. Der melder dei at ingen har blitt skada.

Entrepenør er på veg for å rydde opp og ein geolog er 12:30 på staden for å vurdere faren for nye ras. Vegtrafikksentralen melder at det blir styrt trafikkavvikling på omkøyringsveg idag frå 16:00, og i morgon frå 06:00. 

Steinar store nok til å knuse ein bil

Sander Buene frå Sogndal var ein av dei første som kom til staden, få sekund etter at raset hadde gått. 

–Me kom køyrande ut av tunnelen då me såg store steinar som låg midt i vegbana. Det var ikkje mogleg å køyre forbi. 

Han fortel vidare at steinane var store nok til å knuse ein bil. 

–Nokre av dei var 2 meter høge og 1 meter brei. Andre var kanskje 1 x 1 meter. 

Endring i juleplanane

Heldigvis for Buene, og familien has, gjekk ikkje den tradisjonelle skiferien i vasken grunna raset. Det var likevel med små marginar. 

–Me måtte nesten avlyse, men fekk heldigvis bytte bil med nokon som skulle i motsett retning. Me er dermed trygt framme ved skianlegget. 

Han fortel likevel at han obseverte fleire festkledde som kanskje må endre planane sine for jula. 

Ikkje overraska

Buene fortel at han ikkje er særleg overraska over raset. 

– Det har jo vore mykje nedbør dei siste dagane, så det er vel naturleg at noko måtte dette ned til slutt. 

Til toppen