STORE BLOKKER: Frå bileta og døme kan det sjå ut som om meir eller mindre ein heil fjellhammar har velta ut i vegen. Foto: Porten.no-tipsar.
STORE BLOKKER: Frå bileta og døme kan det sjå ut som om meir eller mindre ein heil fjellhammar har velta ut i vegen. Foto: Porten.no-tipsar.

Store steinblokker har rasa ut i vegbana

Gigantisk ras sperrar vegen på sørsida av grenda Gram på Borgund i Lærdal.

Lærdal: Vegen er kommunal og ifølgje Kjell Olav Cock, som har gard på Gram, er kommunen på veg opp for å sikre staden.

Han hadde nettopp sett til dyra sine, då han støytte på raset på veg heim i åtte-tida.

– Det går litt stein der av og til, men ikkje noko slikt som det der, seier han om synet som møtte han.

Det er tre husstandar på Gram, men det går ein veg oppatt på E16 på nordsida så er dei er ikkje innesperra. 

Sjølv seier Cock han ikkje let seg skremme over kva som hadde blitt konsekvensane om han hadde avslutta fjøsstellet tidlegare.

– Det går ikkje an å tenkje på slikt, seier han.

Til toppen