VALKAMP: Partia i Årdal opererer med ulikt budsjett i valkampen. Størst er Arbeidarpartiet, medan Miljøpartiet Dei Grøne ikkje har eit budsjett. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VALKAMP: Partia i Årdal opererer med ulikt budsjett i valkampen. Størst er Arbeidarpartiet, medan Miljøpartiet Dei Grøne ikkje har eit budsjett. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Store ulikskapar i valkampbudsjetta

Senterpartiet har spart i fire år for å setja inn eit ekstra støt i årets valkamp.

Årdal: Ein viktig del for å få folket sine røyster er gjennom å drive valkamp. Lokalt betyr dette stort sett å stå på stand og sende ut flygeblad til alle heimar.

Som Porten.no har skreve tidlegare, finst det originale innslag i valkampen også, som då Aleksander Øren Heen (Sp) og Liv Signe Navarsete (Sp) gjekk frå dør til dør.

Les også: Reiste heim til folk for å få dei til å røysta

PÅ BESØK: Liv Signe Navarsete og Aleksander Øren Heen reiste heim til folk for å få dei til røyste.
PÅ BESØK: Liv Signe Navarsete og Aleksander Øren Heen reiste heim til folk for å få dei til røyste.

Ifølgje ordførarkandidat Heen er deira budsjett på 15.000 kroner i årets valkamp.

– Det har me jobba hardt for. Det er krevjande å driva eit parti. Det er ikkje så mange inntekstkjelder. Me har spart knallhardt dei siste fire åra for å få råd til ein valkamp no og ha aktivitet i den. Du skal ha effektar, reisa – det kostar, seier Heen til Porten.no.

Ap er størst

Arbeidarpartiet, som er det desidert største partiet med det desidert største budsjettet har investert i to nye standtelt, som er med på å dra opp totalsummen litt, men det kostar også litt å dele ut roser til dei som går forbi. I 2009 skreiv VG at Ap brukte 2,5 millionar kroner nasjonalt på roser.

Lokallaget i Årdal reknar med å bruka snaue 40.000 kroner i årets valkamp, opplyser leiar Morten Skarsbø.

Les også: Støre: – Arbeidarpartiet fortener å gjera eit godt val

– Det er tre ting som fører til det. Me har kjøpt to nye telt, slik at me kan ha stand både på Årdalstangen og i Øvre Årdal samstundes. Det er ei investering for framtidig valkamp òg.

VALSA OVER: Kurt Jevaker meiner Ap kan valsa over dei andre partia med sitt budsjett.
VALSA OVER: Kurt Jevaker meiner Ap kan valsa over dei andre partia med sitt budsjett.

– Og så køyrer me roser som me brukar i kontakt med veljarane og andre. Desse kjøper me lokalt. Og så er det klart det kostar å trykka program, og me har eit litt tjukkare program enn andre med tolv sider, seier han.

– Kan valsa over oss

Han viser til eit høgt medlemstal som årsaka til den gode økonomien partiet har. Sp og Ap er dei partia med størst parti. Framstegspartiet, Høgre og Venstre fortel alle at dei ligg på rundt 5.000 kroner i budsjett.

Sjå: Bli betre kjend med ordførarkandidatane i Årdal

– Som nystarta parti er det klart at økonomi er ei utfordring. Det burde ikkje vera slik, men det er klart økonomi har stor betydning for kva ein klarar å gjera i valkamp. Med LO-maskineriet til Ap og den historia dei har og ressursane dei rår over, kan dei valsa over oss, seier Kurt Jevnaker i Årdal Venstre.

– Med pengar har du sjansen til å gjera ting på andre måtar, men i kommunale val røystar folk meir på person enn på innhald, men eg trur ikkje me hadde blitt så mykje betre om me hadde fått ein million, legg Knut Arne Klingenberg, Høgre sin ordførarkandidat, til. 

AP-TABBAR: Geir Hilmar Sandvik meiner dei andre partia kan hausta røyster på Ap sine tabbar.
AP-TABBAR: Geir Hilmar Sandvik meiner dei andre partia kan hausta røyster på Ap sine tabbar.

Haustar på Ap sine tabbar

Geir Hilmar Sandvik (Frp) ser absolutt at det kan vera viktig med god økonomi, men meiner det viktigaste er at ein har nok folk til å driva valkampen.

– Og så burde ein vera aktiv. Dei som sit i opposisjon i kommunestyret i dag må visa at dei er aktive og stilla kritiske spørsmål, og så er det ei kjensgjerning at jo dårlegare det går med kommuneøkonomien, jo fleire tabbar Ap gjer, jo større oppslutnad blir det på dei andre partia, seier han.

Miljøvenlege

Miljøpartiet Dei Grøne, eit anna nytt parti i Årdal, er det einaste partiet som fortel at dei ikkje har laga seg eit budsjett.

– Det er ein del ting me kan få sendt frå partiet vårt, så forhåpentlegvis får me tak i det meste der, eller så må me spytta inn litt pengar sjølv, seier ordførarkandidat Tommy Hauge.

Les også: Heilt grøne på politikk

– Me synest sosiale medier er miljøvenleg i staden for å spy ut masse brosjyrer og den beten. Det handlar om å gjera det enklast mogleg.

Meir synleg

Alle politikarane er einige om at økonomi nok har ein effekt, og det går spesielt på kor synleg ein bli, meiner Heen.

– Me veit at det har ein effekt på valresultatet. Kor ofte du får vist deg fram og når ut med meiningane dine har ein effekt, men eg håpar det ikkje blir utslagsgjevande, seier han og ber folk om å lesa det som dumpar ned i postkassa.

Sjølv om Ap sit på det største ressursane, trur Skarsbø at dei skulle klart seg fint med mindre.

– Eg ser alle har telt, og me måtte då ha prioritert ein tettstad om gongen. Kreativiteten hadde nok ikkje stoppa oss. Som ansvarleg parti har me eit program med litt meir raud tråd i det som har vore og det som skal skje. 

Til toppen