NEI TIL REFORM: – Sanner, reforma di er over med dine dagar, seier Støre til Klassekampen etter at han talte til Arbeidarpartiets landsstyremøte. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
NEI TIL REFORM: – Sanner, reforma di er over med dine dagar, seier Støre til Klassekampen etter at han talte til Arbeidarpartiets landsstyremøte. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

Støre vil stoppe Sanners reform​

Denne veka legg fylkesmannen i Sogn og Fjordane fram si innstilling. 

  • Endret

Sogn: Dersom Ap vinn valet om eit år, lovar partileiar Jonas Gahr Støre å stoppe kommunereforma til regjeringa.

– Sanner, reforma di er over med dine dagar, seier Støre til Klassekampen etter at han talte til Arbeidarpartiets landsstyremøte tysdag i førre veke.

Dersom det blir eit maktskifte etter valet i 2017, vil Ap-leiaren stoppe reforma som kommunalminister Jan Tore Sanner (H) jobbar for. 

Sporar ikkje «tvangsnerve»

Samtidig sa Støre i sommar at partiet hans er for ei kommunereform. Berre ikkje den hans politiske motstandar legg opp til.

– Det å ha ein kontinuerleg diskusjon med andre verkemiddel, med ei anna haldning og med eit anna samspel med kommunar og regionar i Noreg, det kjem Ap til å ta med seg inn i neste periode og i perioden etter. Endringa i struktur for å sikre betre tenester og godt demokrati stoppar ikkje, den går ikkje ut på dato, seier Støre.

Ap-leiaren seier han ikkje sporar noka «tvangsnerve» i landsmøtet til partiet og held fast på ei frivillig linje overfor kommunane.

– Eg meiner det er ei klok og rett linje. Men ei frivillig linje kan også vere støtta av insentiv og økonomiske oppfordringar til å finne gode løysingar, held han fast på. 

Dei blåblå er forvirra

Høgre og Framstegspartiet skjønar ikkje kva Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil gjere med kommunestrukturen dersom han blir statsminister.

– Det verkar, for å seie det litt forsiktig, som svært størsk, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) til Klassekampen.

Han har vondt for å forstå Støres utsegner til same avis dagen før, der Ap-leiaren slår fast at han i regjering akter å stanse Sanners kommunereform og definere ein ny.

Leiaren av kommunalkomiteen på Stortinget, Framstegspartiets Helge André Njåstad, er like forvirra som Sanner.

– Det er veldig vanskeleg for veljarane å tolke kva Arbeidarpartiet eigentleg vil. Eg håper Størekan begynne med å fortelje kva som er forskjellen på kommunereforma til regjeringa og den Støre ønsker seg, seier Njåstad til NTB.

Legg fram innstilling denne veka

Før 1. oktober skal landets 17 fylkesmenn senda inn sine framlegg til ny kommunestruktur for deira fylke. Denne veka kjem innstillinga frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Frå før har mellom anna innstillinga frå Hordaland kome, og ifølgje Klassekampen tek alle til ordet for langt meir radikale endringar enn det kommunane sjølve har gått inn for. (©NPK/Porten.no)

Til toppen