STORKONTROLL: Her er Statens vegvesen på plass i Flåm for å kontrollera cruise- og turbussnæringa.
STORKONTROLL: Her er Statens vegvesen på plass i Flåm for å kontrollera cruise- og turbussnæringa. (Foto: Statens Vegvesen)

Storkontroll av turbussar: – Me har diverre sett ei negativ utvikling

Hundrevis av turbussar på Vestlandet har blitt kontrollerte dei siste to dagane. Resultata er nedslåande, men ikkje overraskande.

Flåm/Lærdal: Over 276 turistbussar har blitt sjekka på Vestlandet dei siste to dagane, mellom anna i Flåm i Aurland og på Håbakken i Lærdal. Målet er å auka trafikktryggleiken, og hindra svart arbeid og sosial dumping.

Fakta om storkontrollen

  • Stader: Romslo, Håbakken, Flåm, Brimnes, Kjøs, Olden, Hellesylt og Bergen.
  • Kontrollerte bussar: 276
  • Kontrollerte sjåførar: 280
  • Tekniske manglar: 11
  • Brot på reglar for køyre- og kviletid: 57
  • Brot på reglar for yrkessjåførkompetanse, gyldig førarrett, lisens på internasjonal persontransport: 15
  • Promille/rus: 0
  • Brot på 12-dagarsregel: 4
  • Tal bruksforbod: 37
  • Tal gebyr: 11
  • Tal meldingar til politiet: 32

– Me har dessverre sett ei negativ utvikling når det gjeld brot på reglar innanfor eit breitt område. Når vi målrettar kontrollane våre så klarar me å luka ut dei som bryt reglane, seier Frode Kvalstad frå Krimseksjonen i Vegdirektoratet i ei pressemelding.

Reglane det blir synda mot er mellom anna køyre- og kviletid, og lønns- og arbeidsvilkåra for yrkessjåførane, seier Kvalstad.

– Uskuldig tredjepart

Han understrekar at poenget ikkje er å ta sjåførane. Problemet ligg heller oppover i næringskjeda, hos dei som tingar transporten.

– Dei har heilt klar eit ansvar her. Dei kan ikkje berre sjå på pris. Det er sjåførane som til sjuande og sist blir den uskuldige tredjeparten som me til slutt tar inn på våre kontrollar, seier Kvalstad.

Kontrollane har skjedd i samarbeid med Skatteetaten, Arbeidstilsynet, Samferdslekontoret i Fylkeskommunen, Tolletaten, Politiet og Fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Resultata vil bli følgde opp

Det har vore om lag 95 tilsette i sving dei to dagane. Til saman blei det skrive ut 32 meldingar til politiet og det var 57 brot på reglane for køyre- og kviletid.

– Resultatet frå kontrollane var ikkje overraskande. Den er i tråd med det me har sett tidligare, seier Kalstad.

Arbeidstilsynet og Skatteetaten skal følgje opp aktuelle tilsynssaker etter kontrollen.


 

Til toppen