Vinden når full storm langs kysten, medan den held seg roleg i Sogn
Vinden når full storm langs kysten, medan den held seg roleg i Sogn (Foto: yr.no)

Storm i kasta natt til sundag

Sundag og måndag er det meldt full storm langs kysten av Vestlandet. Indre Sogn får mindre vind, men mykje lågare temperaturar.

Indre Sogn: Finvêret kan ikkje vare evig. Natt til måndag kjem det uvêr til Vestlandet, og Indre Sogn får sin del. Det er meldt om vindkast på 25 meter i sekundet utsette stader, og opp mot orkan på Sognefjellet. Vêret roar seg ned måndag kveld.

Me kan vente oss under -10 grader i låglandet i Sogn i byrjinga av veka. Foto: yr.no

Saman med vinden kjem det også ei kuldebølgje over området som også gjer seg utover måndagen.

Til toppen