Storm på veg mot Vestlandet – slik er stoda på fjellet no

Storm på veg mot Vestlandet – slik er stoda på fjellet no

Torsdag er det venta storm fleire stader på Vestlandet. Allereie i dag vart Sognefjellet stengt på grunn av uvêr.

Indre Sogn: Meteorologisk institutt melder at det torsdag er venta storm på Vestlandet. Uvêret som er på veg har allereie blitt merka i høgfjellet. Sjekk oversikta nedst i saka!

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt på grunn av uvêr. Tidlegare i dag var det òg stengt på fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal, men vegen vart opna att i 12-tida. Det same skjedde på E16 som vart stengt på grunn av bilberging då fem vogntog fekk problem på glatta.

Frå i morgen tidleg er det venta full storm, med vindstyrkar opp mot tjuefem meter i sekundet på kysten og sterk storm ved Stad. Frå torsdag kveld kan det kome kraftige vindkast på tjuefem til tretti meter i sekundet innover land. Fredag ettermiddag er det venta at vinden vil minka.

Den kraftige vinden gjer at det er fare for at flyavgangar, båtar og anna transport blir innstilte, lause gjenstandar kan blåsa vekk.

 

Slik står det til no på fjellovergangane i Indre Sogn:

  • På europveg 16 over Filefjell  er det snø- og isdekke, redusert sikt og fare for glatte parti.
  • På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det snø- og isdekke og redusert sikt enkelte stader.
  • På fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er det snø- og isdekke.
  • På fylkesveg 53 mellom Tying og Årdal er det snø- og isdekke og redusert sikt enkelte stader.
  • Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje åpna i dag.
  • På riksveg 13 over Vikafjellet er det snø- og isdekke.
Til toppen