STØRRE: Samanlikna med forgjengaren har nye BMW X1 vakse. Det merkar ein blant anna på den innvendige plassen. Foto: Jan Harry Svendsen.
STØRRE: Samanlikna med forgjengaren har nye BMW X1 vakse. Det merkar ein blant anna på den innvendige plassen. Foto: Jan Harry Svendsen.

Større og meir praktisk

Nyrene i grillen står for tradisjon, og BMW X1 bryt ikkje med forventningane. I tillegg har bilen eit trumfkort: Han gir deg kjensla av å køyre ein større SUV.

  • Endret

Årdal: Då BMW lanserte sin nye 2-serie Active Tourer, vart mang ein BMW-entusiast på gråten av skuffelse. Ikkje berre satsa produsenten på tresylindra bensinmotorar, dei sløyfa også bakhjulsdrifta til fordel for forhjulsdrift.

No kan entusiastane førebu seg på nye sjokk. For i den nye mini-SUV-en X1 følgjer BMW akkurat same oppskrift som i Active Tourer: tresylindra motorar i kombinasjon med forhjulsdrift.

Som ein Golf

Testbilen er likevel skåna for denne, ifølgje entusiastane, proletariske teknologien. Her finn ein langt meir akseptert to liters turbodieselmotor som i tillegg driv alle fire hjula via ein 6-trinns sportsautomat.

Artikkelen held fram under biletet.

FRÅ X6: Baklysa minner veldig om dei du finn på den store og luksuriøse BMW X6.
FRÅ X6: Baklysa minner veldig om dei du finn på den store og luksuriøse BMW X6.

Som før irriterer likevel den firesylindra dieselmotoren med ein litt hard gonge, men det vert til ei viss grad oppvegd av elastisiteten og køyrbarheita til motoren. Det maksimale dreiemomentet på 400 newtonmeter er tilgjengeleg allereie frå 1.750 omdreiingar i minuttet, medan toppeffekten på 190 hk vert levert idet nåla på turteljaren svingar forbi 4.000 omdreiingar i minuttet.

Sportsleg gen

Slikt blir det køyrelengde av, enten du forserer bygater eller open landeveg. Seigdragingevna er god, og motoren har samtidig eit sportsleg gen som titt og ofte stikker seg fram.

Dermed blir den nye BMW X1 ein bil som er lett å like for den som sit bak rattet. Effektivt fortærer han mil etter mil, og om svingane kjem tett, er det berre krydder i tilværet. Mykje av grunnen til det er at firehjulsdrifta, xDrive, så effektivt får kreftene ned i underlaget – samtidig som firehjulsdrifta gjer bilen meir køyrbar enn han ville vore med forhjulsdrift.

Enkelt

Men der BMW har verkeleg har gjort heimeleksa, er i interiøret og i plassutnyttinga. Samanlikna med forgjengaren har det skjedd ein heilt del på innvendig plass, og X1 er no på nivå med den rommelege Volkswagen Tiguan.

Artikkelen held fram under biletet.

TYDELEG: Instrumenta er tydelege å lettlesne. Testbilen hadde i tillegg head-up display som projiserer blant anna hastigheita opp på frontruta. Den store skjermen er lettlesen og beteninga er god.
TYDELEG: Instrumenta er tydelege å lettlesne. Testbilen hadde i tillegg head-up display som projiserer blant anna hastigheita opp på frontruta. Den store skjermen er lettlesen og beteninga er god.

Dermed har X1 også blitt praktisk. Baksetet er delt i forholdet 60/20/60, og du kan få bilen levert med skyvbart baksete og også med moglegheita til å leggje ned passasjersetet framme. Slik blir det plass til lange gjenstandar. Sjølve fellinga skjer ved hjelp av ein elektrisk brytar i bagasjerommet.

Stiv

Berre på komfort kunne BMW ha gått litt lengre. Det innvendige støynivået er litt høgare enn i for eksempel ein Audi Q3, men det er fjøringskomforten som nok skuffar mest. Rett nok sørgjer det sportslege understellet i X1 for ein god porsjon køyrelengde, men baksida er at det ikkje er maksimalt komfortabelt.

Men der BMW framleis leverer, er på opplevd kvalitet. Etter kvart har det tyske merket meir eller mindre standardisert utsjånaden på både instrument, knappar og beteninga av iDrive. Det er bra, og det gjer det lett å kjenne seg igjen om ein tidlegare har køyrd merket. Samtidig er alle materialar høgverdige, og bilen gir då også eit svært godt kvalitetsinntrykk.

Artikkelen held fram under biletet.

STERK: Den toliters store dieselmotoren er sterk med sine nesten 200 hestekrefter.
STERK: Den toliters store dieselmotoren er sterk med sine nesten 200 hestekrefter.

Utfordrar X3

Dermed er den nye X1 ei kraftig oppgradering samanlikna med forgjengaren. Han køyrer betre, ser betre ut og har høgare følelse av kvalitet. Samtidig er han blitt større og meir praktisk.

Rett nok er konkurrentane i klassen mange, men om du styrer unna japanarane, er det eigentleg berre Volkswagen Tiguan og Audi Q3 som er reelle konkurrentar. Då er det verre for BMW X3. Han må vente seg hard konkurranse frå eigne rekker.(©NPK) 

Til toppen