GODT BESØKT: Bodil Madslien fortel at at standen deira blei godt besøkt under karrieremessa til Framtidsfylket. Foto: Odd Øren.
GODT BESØKT: Bodil Madslien fortel at at standen deira blei godt besøkt under karrieremessa til Framtidsfylket. Foto: Odd Øren.

Større trøkk etter jobbar no enn for eit år sidan

Hydro sin stand på karrieremessa til Framtidsfylket blei godt besøkt.

Årdal: Hydro var ei av fleire bedrifter som onsdag viste seg fram for potensielle arbeidstakarar på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen.

Dette var det tiande året denne messa vart arrangert og er ein sjanse for det lokale næringslivet i Sogn og Fjordane å vise kva fylket har å by på.

– Det er to grunnar til at me er her. For det første er me i rekrutteringsmodus og må rekruttere i stillingar som er ledige, men me vil også vise oss fram for å syne moglegheitene som finst. Det er mange som kjenner for lite til oss, og då snakkar eg ikkje berre om Årdal, seier Bodil Madslien, som representerte Hydro Sogn og Fjordane.

Godt besøkt

Ho var ein del av ein liten delegasjon med bedrifter frå Årdal. Sogn Opplæringskontor, Årdalsnett, BDO og Indre Sogn Sparebank var også tilstades.

– Det gjekk veldig fint. Standen vår blei godt besøkt hovudsakleg frå studentar. Det var mange som var interesserte i ledige stillingar og sommarjobb, seier Madslien vidare.

Merkar trøkket

Ho fortel at det var først og fremst folk under høgare utdanning dei var i kontakt med, men generelt merkar dei eit trøkk for tida frå folk som er interessert i å koma heim til Årdal.

– Dette er personar som har vore i olja, og som anten har mista jobben eller er utrygge og vil sjå heim att. Det er mykjemeir pågang no enn for eit år sidan.

Ho ser det som svært positivt for fylket at så mange unge menneske no vurderer å flytte tilbake til Sogn og Fjordane. 

– Det er viktig og bra for heile fylket.

Til toppen