AUKSJON: Laurdag føremiddag var det auksjon på den gamle skuletrappa. Foto: Sunniva K. Øvstetun
AUKSJON: Laurdag føremiddag var det auksjon på den gamle skuletrappa. Foto: Sunniva K. Øvstetun

Storslagen auksjon på Gamleskulen Brukthandel

Oppslutnaden var god kring auksjonen til Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter laurdag føremiddag.
 

- Dette har vore som eit eventyr, seier dagleg leiar ved Frivillighetssentralen Bjørn Årebru til porten.no

 

Gamle skattar
Det er Frivillighetssentralen i Årdal som har ansvaret fort bruktbutikken, og den Årebru er svært nøgd med resultatet.
 

SKJULTE SKATTAR: Desse damene var svært nøgde etter auksjonen.
SKJULTE SKATTAR: Desse damene var svært nøgde etter auksjonen.

Sjølv om gradestokken synte blå grader møtte kring 20 menneske opp til auksjonen. Blant gjenstandane som dei kunne by på var det alt frå gamle kister frå 1800-talet, til julenissar og klokker. Årebru sjølv er svært nøgd med auksjonen.

- Trappa til det gamle skulebygget er ein perfekt stad til eit sånt arrangement, og me er kjempenøgde med både arrangementet og varene me har aksjonert vekk. Eg kan ikkje gjere anna enn å rette ei stor takk til alle som kjem med varer til oss, og til dei som tek turen innom.

Går på skinner
Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter har no vore ope i tre månadar, og Årebru fortel at dei framleis ventar på "nedturen"

- Bruktbutikken går på skinner, eg kan ikkje sei anna. I løpet av desse tre månadane har det berre vore to dagar der me ikkje har fått inn minstekravet per dag. Mange leverer varer til oss, og mange kjøper. Me ser ofte at det er dei same folka som kjem att, og det er sjølvsagt hyggelig. Alt i alt så er me veldig nøgde.

 

Stor trivsel
Allereie i 2001 kom Årebru med ideen om ein bruktbutikk, men på det tidspunktet var det ikkje tilgjengelege lokale. Årebru såg forferda på alt som vart kasta, og tenkte at ein bruktbutikk hadde vore midt i blinken.

I dag sit han som dagleg leiar i Frivillighetssentralen og ser med eit smil på det som har vorte til. Bruktbutikken haustar ros frå både bygdefolket og utanbygdingar, og dei tilsette set stor pris på at dei har ein stad å gå til.

Ei av desse er 73 år gamle Grete Olsen. Ho jobbar frivillig ved Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter, og set stor pris på at ho har noko å fylle dagane sine med.

- For eit år sidan kunne eg vakne opp og lure på kva i alle dagar eg skulle ta meg til. Det hende ofte at eg vart liggande i senga. No står eg opp med eit smil kvar dag, og veit at eg har ein stad å gå til. Ein stad eg kan gjere av meg og som eg får gjort noko.

 

Treng fleire frivillige

DAGLEG LEIAR: Bjørn Årebru vonar om fleire frivillige som kan hjelpe til.
DAGLEG LEIAR: Bjørn Årebru vonar om fleire frivillige som kan hjelpe til.

I dag er det nokre frivillige som jobbar på Gamleskulen Brukthandel og Aktivitetssenter, men dei fleste er tilsett gjennom NAV. Årebru etterlyser fleire frivillige, og seier at alle er hjarteleg velkomne.

- Eg trur det er mange der ute som ikkje har noko å ta seg til, å desse har me veldig lyst å engasjere i arbeid på bruktbutikken. Me treng fleire frivillige som kan stille opp 2-4 timar ein og annan dag, og spesielt mannfolk.

- Eg trur mange som har gått av med pensjon kanskje sit heime og klør seg litt i hovudet og lurer på kva dei skal, og desse er hjarteleg velkomne hjå oss.

Til toppen