Storslagen feiring av Årdalshallen

Laurdag var det 40 år sidan Årdalshallen vart teken i bruk for fyrste gong, og det vart markert med ein flott dag i hallen.

Over 40 år har Årdalshallen vore ein grunnpilar i årdalssamfunnet. Det ein gang så mektige bygget har husa alt frå ivrige born til kjende handballstjerner og tidlegare toppfotballspelarar.

Laurdag vart jubilanten feira med storslått arrangement, der alle fasilitetane bygget har å by på vart teken i bruk.

Dårleg kommuneøkonomi gjorde at Jotun Idrettslag måtte stå for arrangementet, og det fiksa dei med bravur.

Sjå bilete av arrangementet øvst i artikkelen.

Etter at idrettslagets turngruppe hadde vist kva dei kan og Farnes skulemusikk fylte hallen med flotte tonar, tala ordførar Arild Ingar Lægreid varme ord om hallen, som har vore så viktig for så mange.

Då han var ferdig å tala, blei ordføraren tildelt ein plankett med bilete av årdøler som har utmerka seg i ulike idrettar på vegne av idrettslaga i bygda.

– Mykje å vera stolt av

Den skal no hengast opp i Årdalshallen, slik at alle som vitjar får sjå kva bragder Årdalshallen har vore vitne til eller vore treningsarena for.

– Eg tykkjer det er flott at seniorane i Jotun har bidrege til å finne fram att alle desse som ein gong har vunne både NM-titlar og det som er.

– Dette er ein fin måte å minnast dei som har kome seg opp og fram, sjølv om dei har kome frå ein liten stad. Bygdefolket har mykje å vere stolt over, seier Lægreid til Porten.no.

Spennande stafett

Men kva er vel ein dag i hallen utan litt konkurranse? Det var symjestafetten det var knytt størst spenning til.

Her kjempa fleire lokale bedrifter og organisasjonar mot kvarandre, der premien var retten til å skryta av seg sjølv på bygda etterpå.

Ikkje overraskande, og det skulle vel kanskje berre mangla, var det symjegruppa som stakk av med sigeren, tett etterfulgt av seniorlaget til Jotun fotball, og på ein fin-fin tredjeplass kom Årdal Fotballklubb.

Leiar av IL Jotun si symjegruppe, Ingeborg Hjelle, seier til Porten.no at ho er svært nøgd med deltakinga og tykte engasjementet var supert.

– Alt i alt så har dagen vore eit vellukka arrangement, og me vonar å få til noko likande ved ei seinare anledning.

Før svømmestafetten hadde dei som ville høve til å prøva seg i ulike idrettar. Blant anna stilte Jotun-målvakt Szofia Zekely opp mellom stengene for å stoppa straffekast, medan styrkeløftgruppa gav folk moglegheita til å sjekka kor sterke dei er.

Engasjerte grupper

Dei fleste gruppene under Jotun var synlege i Årdalshallen i dag. Ei av desse gruppene var Jotun si skigruppe. Med ynskje om å profilere skisporten i tillegg til å bidra til jubileumsfeiringa stile dei opp med stand i foajeen i hallen.

Der synte dei mellom anna fram ulike typar skiutstyr, smørjing, klede og videoar. Ei av drivkreftene bak skigruppa Anne Gerd Jevnaker seier til Porten.no at skigruppa har stor oppslutnad blant born og unge i dag.

– No har me 15 aktive skilauparar i 10-16 årsalderen og om lag 70 born frå 1.-4. klasse. Borna i småskulealder er med på allidrett, og allereie her ynskjer me at borna skal få eit positivt inntrykk av skisporten.

Hovudmålet for skigruppa er å følgje Norges Skiforbund sin visjon: «Mange, gode og glade skiløparar», noko Jevnaker legg stor vekt på.

– For oss er det viktig at borna vert glad i trening generelt og gjerne trenar allsidig. Det viktigaste er likevel at borna skal ha det kjekt og sosialt, og me passar på å ta vare på alle som ein.

Spanande tilbod

Ei anna gruppe som deltok i feiringa var Jotun si styrkeløftsgruppe. Før Årdalshallen kom haldt styrkeromsgruppa til i bomberommet i Røti. I dag heldt dei ope i styrkerommet i hallen slik at alle som ynskte kunne få prøve ut diverse apparat og styrkeløft.

Aktivt styremedlem av styrkegruppa, Geir Reidar Hestetun, seier til Porten.no at oppmøtet på styrkerommet var over all forventning og at det var mange nye ansikt å sjå. 

– Det har vore veldig kjekt å sjå alle som ynskte å prøve ut styrkeløftstilbodet me har. Kanskje kjem dette av at styrkeløft ikkje er noko dei får prøve ut til vanleg.

– Eg er iallfall svært overraska over alle som har teke turen og sjølvsagt svært glad. Me vonar at fleire skal verte klar over dette tilbodet, og me har plass til mange fleire.

Til toppen