GOD STATISTIKK: Verksemdene i Sogn og Fjordane klarar seg best i landet når det kjem til å unngå konkurs, viser ferske tal frå SSB. Illustrasjonsfoto
GOD STATISTIKK: Verksemdene i Sogn og Fjordane klarar seg best i landet når det kjem til å unngå konkurs, viser ferske tal frå SSB. Illustrasjonsfoto

Størst nedgang i konkursar

Medan det på landsbasis har vore ein auke i konkursar, er trenden stikk motsett for Sogn og Fjordane

I 2. kvartal 2016 var det 16 prosent fleire konkursar enn i den same perioden året før, melder Statistisk Sentralbyrå. Tretten av landets fylker har ein prosentmessig auke i konkursar, seks har ein nedgang. Og den største nedgangen er i Sogn og Fjordane med 39 prosent.

Sogn og Fjordane og Hordaland i kva sin ende av skalaen

I løpet av månadane april, mai og juni var det berre åtte konkursar i fjordfylket, mot 13 i 2.kvartal i fjor. Fire av desse åtte var føretakskonkursar medan dei fire andre var personlege konkursar eller einskildpersonføretak som har gått konkurs.

Nabofylket Hordaland ligg heilt i andre enden av skalaen - her var dei ein auke i konkursar på 80 prosent frå 2.kvartal 2015 til 2.kvartal 2016. I Hordaland var det 182 konkursar på desse tre månadane - 81 fleire enn same periode i 2015.

På landsbasis var dei fleste føretakskonkursane innanfor varehandel og byggje- og anleggsverksemd: rundt 25 prosent i kvar.

Av konkursane for einskildpersonføretak og personlege konkursar var nær halvparten var innanfor byggje- og anleggsverksemd.

I dei fyrste seks månadene i 2016 har det blitt opna 2 515 konkursar. Dette er to prosent fleire enn i den same perioden i fjor, melder SSB.

Til toppen