FEKK STØTTE: Nestleiar i Lærdal og Årdal AUF, Sara Vie (t.v.) deltok på sitt første årsmøte med Sogn og Fjordane Arbeidarparti førre helg. Der fekk dei støtte for kampsaka si. Her står ho saman med fleire representantar frå same ungdomsparti. Foto: AUF.
FEKK STØTTE: Nestleiar i Lærdal og Årdal AUF, Sara Vie (t.v.) deltok på sitt første årsmøte med Sogn og Fjordane Arbeidarparti førre helg. Der fekk dei støtte for kampsaka si. Her står ho saman med fleire representantar frå same ungdomsparti. Foto: AUF.

– Stort å få gjennomslag for kampsaka si

Nestleiar i Lærdal og Årdal AUF, Sara Vie, deltok på sitt første årsmøte med Sogn og Fjordane Arbeidarparti førre helg. Der fekk dei støtte for kampsaka si.

Årdal: AUF fekk nemleg gjennomslag for ikkje å konsekvensutgreie dei kontroversielle områda Nordland VI, VII og Troms II i komande stortingsperiode under fylkesårsmøtet.

– Det var fantastisk når me fekk fleirtal for saka. Det var ikkje noko me forventa, men me hadde håp om det, seier Vie.

Med det er Sogn og Fjordane Ap eitt av fire fylkesparti i Noreg som seier nei til oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja fram til ein får meir oppdatert kunnskap som vil kome fram i samband med at forvaltningsplanen for Lofoten og Barentshavet blir revidert i 2019/2020. 

 –  Det handlar ikkje om å skru igjen oljekrana i morgon, men å vere føre var, og ikkje opne for boring i det som er våre mest sårbare områder, seier Henrik Thorsnes Lefdal, leiar i Sogn og Fjordane AUF.

– Ungdommen er framtida

Medan resten av årsmøtet var på fest, gjekk AUF-arar rundt i lokale og hang opp plakatar. Dette spelte ei viktig rolle i å få snu meininga. 

– Me diskuterte mykje med dei vaksne, og det var mange på talarstolen, men det er når ein ser plakaten, der alt er oppsummert, at ein lettare får inn bodskapen, seier Vie.

Ho trur at sidan dei er eit ungdomsparti og skal vere framtida i Noreg, spelar inn for kvifor dette er ei viktig sak.

– Det er me som skal veksa opp her i landet. Me ser at AUF-laga i nord også kjempar mot utbygging, så det handlar også om at me støttar kvarandre. 

– Viser at me har ei røyst

Dette var første gangen at Vie deltok på fylkesårsmøte.

– Det var veldig gøy, og du følte at du hadde meir makt enn når ein sit på eit styremøte her inne. Ein får vere med å bestemme, og då me fekk gjennomslag, viser det at me faktisk har ei røyst. 

Det var også full klaff for Arbeidarpartiet i Årdal som fekk gjennomslag for alle sakene dei hadde med seg, mellom anna Sognefjellstunnelane, DAB-dekning, kvalitet i barnehagen og barnetrygda.

– Når det gjeld barnetrygda støtta styret det, men eg tykte me var for defensive. Difor gjekk eg på talarstolen og kom med forslag om at barnetrygda skal vera ei universell yting og at beløpet skal aukast. Det fekk me full støtte for, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal, leiar i Årdal Ap. 

Til toppen