UTFORDRING: Med synkande fødselstal og eit stort fråfall er leiaren i Lærdal Idrettslag, Hallvard Thomassen, uroa for kva tilbod laget kan gi dei unge i bygda. Illustrasjonsfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
UTFORDRING: Med synkande fødselstal og eit stort fråfall er leiaren i Lærdal Idrettslag, Hallvard Thomassen, uroa for kva tilbod laget kan gi dei unge i bygda. Illustrasjonsfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Stort fråfall og synkande fødselstal skapar utfordringar for idretten

Leiaren i Lærdal Idrettslag erkjenner at laget har ei utfordring med synkande fødselstal og eit stort fråfall.

Lærdal: – Me ser at fødselstalet går ned og at fråfallet frå organisert idrett er stor. Dette vert utfordringar som me må jobbe med, og som legg premissar for å få til eit godt tilbod i laget, seier Hallvard Thomassen, som er leiar i Lærdal Idrettslag. 

Saman med Sogn og Fjordane Idrettskrins skal nettopp desse utfordringane diskuterast onsdag når idrettslaget inviterer til klubbkveld.

Dei siste tre åra er det jobba mykje med å få til ein god struktur på den overordna arbeidet i laget med ein utviklingsplan som har gått over fleire år. Her har den såkalla «klubbhandboka» vore eit av dei viktigaste verktøya. Klubbhandboka skal gjere det enklare å drive organisasjonsarbeidet i laget.

– Det er gjort mykje godt arbeidt i laget parallellt med at klubbhuset brann ned og skapte ei utfordring. Dette arbeidet går no mot slutten, og ein må tenkje på korleis ein vil utvikle laget og dei ulike gruppene vidare.

Fleire som slit

På klubbmøtet blir plan- og utviklingsleiar i idrettskrinsen, Ingrid Narum, med for å fortelja om deira arbeid.

– Mykje av dei same utfordringane som Lærdal har, finn me att hjå andre lag og krinsar, seier Narum.

Idretten i Sogn og Fjordane vedtok på idrettstinget i april ein handlingsplan der ein set særleg fokus på ungdomsidretten med mantraet «flest mogleg - lengst mogleg», ein verdibasert idrett og god samhandling på tvers av organisasjonsledda.

– Det neste to åra skal idretten mellom anna arbeidet for eit idrettstilbod som femnar ungdomen sine ønske, fortel Narum. 

Over halvparten fell frå

Målet er at idrettslaga og særkrinsane og regionane kjem i møte med ungdom som vil ha eit variert og inkluderande idrettstilbod, der dei møter vener, har det kjekt og blir så gode som dei sjølv vil.

– Dette er ei utfordring me i idretten i fylket må arbeide for saman. Visjonen «Gode i hop» i handlingsplanen gir retning for dette. Dette er mykje det same som laget i Lærdal har sett fokus på, legg Narum til. 

I 2013 gjennomførte Lærdal IL og krinsen ei kartlegging av fråfallet i organisert idrett blant ungdomen. Resultatet er nedslåande og viser at frå 7. klasse til 10. klasse fell talet på aktive i organisert idrett med 50 prosent. 

– Når ein i tillegg ser at talet på unge i dei ulike klassetrinna vert redusert, seier det seg sjølv at det vert vanskeleg å halde oppe i tilfredsstillande tilbod til dei unge. Dette går sjølvsagt spesielt utover lagidrettane. Kva tilbod klarar me i Lærdal IL å gi til dei unge i bygda i framtida? undrar Thomassen og håpar på eit godt oppmøte til klubbkvelden onsdag kveld. 

Til toppen