KONKLUSJONAR: – Det var veldig klare og eintydige konklusjonar. Mykje folk møtte frå heile landskapsvernområdet, også fleire av dei andre bygdene i kommunen, fortel Leif Inge Underdal om folkemøtet tysdag. Arkivfoto
KONKLUSJONAR: – Det var veldig klare og eintydige konklusjonar. Mykje folk møtte frå heile landskapsvernområdet, også fleire av dei andre bygdene i kommunen, fortel Leif Inge Underdal om folkemøtet tysdag. Arkivfoto

Stort oppmøte då erstatningssaka var tema under folkemøte

Konklusjonen vart at alle som føler seg urettvist handsama i saka om erstatning i samband med Nærøyfjorden landskapsvernområde, sender inn felles søknad om oppfrisking.

Aurland: – Det var veldig klare og eintydige konklusjonar. Mykje folk møtte frå heile landskapsvernområdet, også fleire av dei andre bygdene i kommunen, fortel Leif Inge Underdal.

Tysdag var det folkemøte i ungdomshuset i Undredal om erstatningssaka, i underkant av femti møtte, opplyser Underdal.

Det var i 2002 at Nærøyfjorden landskapsvernområde blei verna og i 2005 fekk området verdsarvstatus etter vedtak i Unesco. Området omfattar kommunane Voss, Aurland og Vik.

Grunneigarar som får avgrensa høve til å ta ut skog, kan søkja om erstatning frå staten. Men fordi mange grunneigarar ikkje har forstått eller har misforstått grunnlaget for erstatning, meiner mange dei har gått glipp av pengar dei kunne ha hatt krav på.

Les også: Grunneigarar rasar etter erstatningsoppgjer

Artikkelen held fram under biletet

LANDSKAPSVERNOMRÅDE: Nærøyfjorden landskapsvernområde vart vedteke verna i 2002 og innbefattar mellom anna Undredal. Arkivfoto
LANDSKAPSVERNOMRÅDE: Nærøyfjorden landskapsvernområde vart vedteke verna i 2002 og innbefattar mellom anna Undredal. Arkivfoto

Tilbake til utgangspunktet

Leif Inge Underdal fortel advokat Frode Halvorsen frå advokatfirmaet Harris fortalde om rettane grunneigarane har under folkemøtet. 

– Han har jobba med tilsvarande saker og kjenner slike saker veldig godt. Me fekk ei grundig innføring i korleis slike saker står. Han la også fram ei skisse til eit brev som søknad om oppfrisking. Dette oppmoda han at vart sendt felles for alle berørte, noko alle var samde om. Så kan kvar enkelt koma med sine spesielle merknader i tillegg.

Grunneigarar som får tilslag på søknad om oppfrisking, er på nytt kvalifiserte for å søkja om erstatning.

– Altså ein har same utgangspunkt som då ein kunne søkja om erstatning i si tid, forklarar Underdal.

Kan bli ny taksering

Bakgrunnen for at dette har vorte eit sak, er at mange grunneigarar med eigedom i landskapsvernområdet meiner dei vart feilinformerte eller for dårleg informerte om rettar til erstatning i samband med etableringa av landskapsvernområdet for fem år sidan, og såleis gjekk glipp av pengar dei kunne eller burde ha fått

– Me har tilfeller av at naboar har fått ulik handsaming innan same området – ein har gjerne fått erstatning og ein annan ikkje, utan at ein kan sjå nokon grunn til det. Staten kan ikkje ha ei lemfeldig haldning i slike saker, seier Underdal. 

Miljødirektoratet har opna for søknader om oppfrisking, og Underdal meiner det må tyda dei innser det kan ha skjedd feil i saka

- Får ein klarsignal til å søkja om tilskot blir det eigedomstaksering på alle som er berørte av det. Direktoratet avgjer sakene, gitt opning for oppfrisking. Her er det ikkje snakk om at Staten må ut med nye erstatningar, utgangspunktet var at det skulle bli gitt erstatningar til alle som hadde krav på det. Men etter dialog med ulike forvaltingsnivå har ulik informasjon blitt gitt grunneigarane, og ein del har fått inntrykk av at det ikkje var vits i å søkja erstatning, sjølv om det faktisk var det.

 

Til toppen