NYE LEILEGHEITER: På Einemomarki kjem det fleire nye leilegheiter i Lærdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
NYE LEILEGHEITER: På Einemomarki kjem det fleire nye leilegheiter i Lærdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Stort press på bustadmarknaden i Lærdal

Mange ønskjer anten å byggje, kjøpe og leige bustad i Lærdal. Problemet er at dei som eig tomter, ikkje vil selje. No er det vedteke at det skal byggast 20 nye einheitar på Lærdalsøyri.

Lærdal: Det er ein stor bustadmangel i Lærdal. No har kommunen i samarbeid med Lærdal Næringsutvikling (LNU) gjennomført ei spørjeundersøking der målsettinga var å få eit større overblikk over bustadsituasjonen i kommunen. 

– Det er ei utfordring å finne nok ledige tomter for bygging, seier Nina Øyre, Byggesakshandsamar i Lærdal kommune. 

Les også: Vil skapa ein god bustadmarknad i Lærdal

På nettstaden 1422.no kan folk som er interesserte, finna ut kva som er ledig på bustadmarknaden, både privat og offentleg. 

Kjem meir bustadar

I alt var det 30 personar som svarde på undersøkinga. 16 av dei som svarte ønskjer å byggje einebustad, sju vil å kjøpe leilegheit og fire har lyst til å kjøpe einebustad.

Det er også nokre som ønskjer å leige bustad. I tillegg kom det inn svar frå verksemder som vil byggje nye leilegheiter for utleige, men også personar som ønskjer å kjøpe småbruk.

– Ein ting som skil seg ut er at mange har lyst å bygga einebustader. Vi prøver å finne tomter og område som kan omregulerast, seier Øyre. 

Ni av dei spurde ønskja seg leilegheiter på mellom 80 og 100 kvadratmeter, medan resten ønska seg einebustadar eller tomt.

– Det er veldig lite som ligg ute for sal akkurat no, men me veit at det kjem meir. Blant anna er det bestemt at det skal kome 14 leilegheiter i Mari Jakobsvegen og seks nye einheitar på Einemomarki, seier Trond Einemo styremedlem i LNU og varaordførar i kommunen.

Til våren vil 11 bustadar stå klare på Einemomarki.

Få som vil selja

På heimesida  www.1422.no,  «Lærdal næringsbygg og eigedom», ligg det 15 tilgjengelege kommunale og private bustader.

Det er stor interesse for busetting både på Borgund, Tønjum, Ljøsne, og heile Lærdalsøyri generelt. Spørsjeundersøkinga viser at det er interesse både for spreidd busetnad og for regulert busetnad. På 1422.no kan også private leggje ut sine tomter for sal.

– Talet er mykje lågare enn det var før. Grunnen til det er at nokre busader på Borgund har blitt teke vekk. Dette er fordi tomtene ligg i eit rasutsatt område, forklarar Einemo.

I Lærdal er det 14 kommunale byggetomter i heile kommunen.  Det fins også ledige private tomter. På Lærdalsøyri er det størst trøkk, og i 2015 vart det seld 4 tomter. I Lærdal er det i alt 34 regulerte tomter som er byggjeklare. Problemet er at eigarane ikkje vil selje.

– Tomtente er i private hender og dei ønskjer ikkje å kvitta seg med dei, forklarar Einemo.

Svara frå spørjeundersøkinga er no klare og no gjenstår arbeidsfordelinga mellom kommunen og omstillingsstyre i LNU.

Skal busetja 20 flyktningar

Flyktningskonsulent i Lærdal, Dag Terje Kavlie, meiner bustadsituasjonen er avgjerande når kommunestyre har vedteke å busetja 20 flyktningar i Lærdal det kommande året. 

Les også: Mangel på bustadar til flyktningar

– Det er ei utfordring. No er det berre ein bustad som er tilgjengeleg, og det ser ikkje ut som det dukkar opp noko meir, seier Kavlie.

Les også: Greier ikkje busette fleire flyktningar utan bustader

 Han har kome med ei anbefaling til kommunen om å busetja flyktningane sentralt i Lærdal, sidan det ikkje går mange bussar lengre oppover i dalen.   

Til toppen