Aurland: Politiet melde på twitter søndag kveld at det hadde gått eit ras i Aurlandsdalen, nær Sinjarheim og at eit ambulansehelikopter vart sendt inn i området for å avklara om det kunne vera folk i nærleiken.
Helikopteret kom i kontakt med to personar som var på tur i området rundt Sinjarheim; desse har det bra heiter det i ei seinare twittermelding frå politiet.
På Aurland kommune seine nettsider blir det meldt om at raset har gått på ein stad som heiter Kråka, mellom Almen og Sinjarheim.
Vidare at raset er om lag 50 meter breitt og ikkje let seg passera.
- Det vert møte måndag morgon, for å vurdere situasjonen med tanke på raskt å finne løysing, slik at stien igjen kan brukast, står det på kommunen si nettside.