Målingane sprikjer så mykje at det er vanskeleg å seie noko eintydig om styrkeforholdet mellom partia i fylka, meiner Johan Giertsen i Poll of polls.
Målingane sprikjer så mykje at det er vanskeleg å seie noko eintydig om styrkeforholdet mellom partia i fylka, meiner Johan Giertsen i Poll of polls. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Stortingsvalet 2017

Stort sprik i fylkesmålingane

Målingane sprikjer så mykje at det er vanskeleg å seie noko eintydig om styrkeforholdet mellom partia i fylka, meiner Johan Giertsen i Poll of polls.

– Fylkesmålingane peiker i forskjellige retningar og har heilt ulike bodskap, seier Giertsen til NTB.

Han beskriv situasjonen i eit innlegg på nettstaden Poll of polls og gir tre forklaringar på kvifor bildet er så uklart, alle knytt til bestemte forhold ved det eine meiningsmålingsinstituttet, nemleg InFact.

Store sprik

Eit ferskt gjennomsnitt av målingar i åtte fylke gjort av Respons, Sentio og Markedsinfo gir eit fleirtal på 86 mandat for Frp, Høgre, KrF og Venstre mot 80 for dei tre raudgrøne partia Ap, SV og Sp.

Men målingane som InFact har gjort i 15 fylke i august gir eit heilt anna bilde. Der har Ap, SV og Sp eit solid fleirtal med 91 mandat mot 74 for dei fire borgarlege samarbeidspartia.

– Korleis bildet eigentleg ser ut, er ikkje godt å seie. Det kjem til sjuande og sist an på kven du trur mest på av meiningsmålingsinstitutta, seier Giertsen.

Tre forklaringar

At bildet er så sprikande, har ifølgje jussprofessoren og statistikk-entusiasten tre forklaringar: At InFact måler sine svar mot kommunevalet i 2015 framfor stortingsvalet i 2013, at InFact brukar automatiske oppringingar framfor telefonintervju og at byrået har ein låg del heimesitjarar i sitt utval.

– Desse forskjellane finst også i målingane som er utført på landsbasis, men utslaga er mykje større i fylkesmålingane. Å lage eit gjennomsnitt av alle fylkesmålingane har lite for seg, fordi utgangspunktet er så forskjellig, seier han.

Vestlandet

For to av fylka, dei strategisk viktige vestlandsfylka Rogaland og Hordaland, er utslaga særleg store.

– Det er berre InFact som måler Høgre i stor tilbakegang i enkelte fylke. Tar vi bort InFacts målingar, blir resultat frå fylkesmålingane meir i tråd med snittet for landsmålingane, seier TV 2-journalist og talknusar Kjetil Løset.

Temaet vart aktualisert då statsminister Erna Solberg (H) måndag stilte til partileiarutspørjing i regi av Dagbladet. Der vart ho konfrontert med svake meiningsmålingar for Høgre i heimbyen Bergen.

– Det er to forskjellige institutt som har målt i Bergen. Det eine målte oss på 29,9 prosent, det andre på 21,5. Vi ligg kanskje ein stad imellom, sa Solberg og viste til nettopp InFact, som vektar mot 2015.

Kritisk

Giertsen har ved fleire høve oppfordra InFact, som leverer målingar til VG og Amedia, til å vere opne om sine rådata. Slikt innsyn vil kunne bidra til å klarlegge årsakene til det store spriket byråa imellom, meiner Giertsen.

Han har oppfordra VG til å legge fram tala, men avisa seier det er opp til InFact å avgjere dette.

– Vi vil gjere ei ny vurdering av dette saman med VG etter valet. Men vi er ikkje åleine i bransjen om å avstå frå å levere ut råtal. Årsaka er at vi ikkje kan gå god for korleis desse tala blir brukte, seier fagsjef i InFact Knut Weberg til NTB.

Gler seg

InFact-sjefen meiner det er rett å vekte resultata mot førre val, fordi folk rett og slett hugsar betre kva dei stemte for to år sidan framfor fire.

Han avviser at bruken av automatiske oppringingar gjer InFacts målingar mindre truverdige og viser til at valdagsmålinga i 2015 trefte godt med det endelege resultatet.

– Vi gler oss til valdagen 11. september. Når valdagsmålinga kjem, vil vi sjå med kva presisjon vi anslår oppslutninga, seier Weberg.

(©NPK)

Til toppen