STEINRAS: Like før klokka 10 gjekk eit stort steinras i Gaupne i Luster.
STEINRAS: Like før klokka 10 gjekk eit stort steinras i Gaupne i Luster. (Foto: Alexander Velthuijs)

VIDEO

Stort steinras i Luster tok med seg høgspentlinje

Like før klokka 10 fredag dundra eit stort steinras ned mot Røslebakkane i Gaupne i Luster.

Luster: Raset har tatt med seg ei høgspentlinje og fleire var utan straum, skriv NRK, som først melde om saka.

– Det rista skikkeleg. Eg låg heime i senga mi og kunne ikkje forstå kva som skjedde. Ei stund trudde eg at mi tid var komen, sa Alexander Velthuijs til kringkastaren.

Velthuijs bur rett ved rasstaden, og opplyser at han trur raset er mellom 50 og 60 meter breitt, og at dei største steinane er opp mot hundre tonn.

Leiv Ravnestad jobbar i Posten og var på veg for å levera ein pakke då han såg det rauk noko voldsomt oppe i fjellsida over Gaupne.

– Då braut eg alt av lovar og reglar, tok fram telefonen og filma, seier han til Porten.no.

Sjå videoen han tok nedanfor.

Ordføraren: – Aller fleste husa er trygge

Ifølgje ei kartlegging frå NVE er det registrert fleire skredhendingar i Gaupne. Det er gjort sikringstiltak fleire stader, mellom anna ovanfor byggjefeltet Sandvik og Røslebakkane.

– Dette er eit område der det rasar kvart år, meir eller mindre. Som bileta viser er det ei stor ur der. Men det er mange år sidan det kom ned så mykje, seier ordførar Ivar Kvalen.

Han meiner likevel at innbyggjarane i dei utsette områda ikkje treng uroa seg etter fredagens steinsprang.

– Eg vil påstå at dei aller fleste husa er trygge, seier ordføraren.

 

Akkurat Røslebakkane er sikra med både fangvoll og sikringsgjerde, men Kvalen seier raset fredag gjekk eit par hundre meter bortanfor bustadfeltet.

– Der raset gjekk no ligg det eit landbruksområde som verkar som ei buffersone ned mot husa, seier ordføraren.

Porten.no oppdaterer saka. Har du tips eller bilde? Send til tips@porten.no.

Til toppen