TALENT TIL SOGNDAL: Sivert Mannsverk (til høgre) er berre fjorten år, men trenar allereie med A-laget til heimklubben Årdal FK. No melder han overgong til Sogndal, der han vil spele med gutelaget og halde fram hospiteringa på andrelaget. (Foto: arkiv) 
TALENT TIL SOGNDAL: Sivert Mannsverk (til høgre) er berre fjorten år, men trenar allereie med A-laget til heimklubben Årdal FK. No melder han overgong til Sogndal, der han vil spele med gutelaget og halde fram hospiteringa på andrelaget. (Foto: arkiv) 

Stortalentet Sivert (14) skal spele for gutelaget til Sogndal

Fjorten år gamle Sivert Mannsverk frå Årdal har meldt overgang til Sogndal. – Me er fullstendig klare over alderen hans, seier Anders Stadheim, utviklingssjef i Sogndal Fotball. 

Det unge talentet vil framleis bu heime og trene med A-laget til Årdal FK, slik han har gjort. Men kampane skal han spele med gutelaget til Sogndal, under leiing av Stig Nord.

Der vil han få tøffare matching enn i moderklubben, som av ulike grunnar har flytta gutelaget ned ein divisjon, frå første til andre. 

– Så han er ikkje headhunta på den måten. Det var eit ønskje frå både far hans og han sjølv, seier utviklingssjef Anders Stadheim i Sogndal Fotball.

Eitt av dei største talenta i fylket

Han er ikkje gamle karen, men Sivert Mannsverk har allereie rokke å utmerke seg på fotballbana.

Som 11-åring var han ei veke på prøvespel hos Tottenham. Som 12-åring vart han kåra til den beste spelaren på Gothia-Cup, då han var med Florø å ta sølv i turneringa. Som 13-åring var han med Sogndal då dei vann HamKam Talent Cup, som er eit uoffisielt NM for aldersfastlagde lag. Dei fleste med- og motspelarane var to år eldre. 

Utviklingssjef Anders Stadheim seier klubben har stor tru på talentet, som han omtalar som eitt av dei største i fylket i og rundt den årsklassa. Men samstundes ønskjer han å vere forsiktig med hausse opp ein så ung spelarar.

– Han har god speleforståing og gode basisferdigheiter til å vera i den alderen. Så no handlar det berre om å få han til å ikkje jobba så mykje defensivt, seier Stadheim, med eit sarkastisk stikk til den ikkje altfor løpsvillige teknikaren han sjølv var i glansdagane.

Satsar på stadig yngre spelarar

Det er altså ikkje snakk om ei signering i tradisjonell forstand. Likevel viser det at Sogndal Fotball jobbar på ein annan måte enn før med å følgje opp unge talent frå fylket. For Sivert Mannsverk har allereie ei stund vore under klubben sine vengjer, der han mellom anna har fått hospitere med andrelaget.

Klubben ser behovet for å involvere seg i kvardagen til spelarane frå ein stadig yngre alder.

– Slik er fotballen blitt. Me må ta tak i dei tidlegare. Det handlar ikkje om å røska talenta opp frå lokalmiljøet og putta dei inn i akadamiet til Sogndal. Det handlar om å vera med å forma treningskvardagen deira, finna ut korleis dei skal trena mest og best mogleg. Samstundes skal me vera forsiktige når dei er så unge. Me kan ikkje lova noko, men me kan stilla vår kunnskap og ressursar til rådigheit for dei spelarane me har tru på, seier Stadheim.

 

Til toppen