Stortap for handballdamene

Stortap for handballdamene

Jotun/ÅTIL tapte 10-29 for Sotra 2 i sin første seriekamp i Årdalshallen i ettermiddag.

Det unge og nystarta Jotun/ÅTIL-laget hadde ikkje nubbesjanse mot eit nyopprykka Sotra-lag på hugget. 

Sotra leidde 13-7 til pause, og vann til slutt 29-10. Med andre ord, årdølene scora kun tre mål i andre omgang.

FERSKT LAG: Nervøse Jotun/ÅTIL-damer stiller opp før kamp.
FERSKT LAG: Nervøse Jotun/ÅTIL-damer stiller opp før kamp.

Mista ball i angrep- fekk kontringar i mot

Årdølene sleit med mange feil i angrepsspelet, mista ballen ofte, og kom seg ikkje attende fort nok i forsvar då Sotra 2 kontra inn det eine målet etter det andre.

- Det er alt for tidleg å meina noko om det ferske Jotun/ÅTIL- laget som kun har trena to veker i lag. I tillegg slit dei fleste spelarane med kamptrening på eit damelag, og det er kun seks av dei 25 i stallen som spelte i 2. divisjon forrige sesong, seier hovedtrenar Olafur Sveinsson til Porten.no etter kampen.

For tidleg å uttala seg om sesongen

I heilheit ser han på dette som å starta frå null for dette laget, og at det såleis er mykje å ta tak i framover. 

- Det er så mykje me må sjå på for å bli betre, eg kunne ha ramsa opp mykje, alt frå å gjera ting og tenkja likt samstundes på bana, lagmoral, og ikkje minst kva visjonar og ambisjonar laget skal ha framover, seier han.

Sveinsson ser at mykje arbeid må gjerast, men at tida fram til no har vore minimal. 

- Om fleire som var på bana i dag, hadde vore hospitantar på 2. divisjonslaget til Jotun forrige sesong til dømes, hadde den erfaringa vore god å ha, meiner han.

No skal det i alle fall trenast hardt på ballmottak i angrep, og å auka farten til spelarane i returfasen. - Sidan får ein ta det derifrå, seier ein fatta trenar som på inga måte heng med hovudet.

Ida Jevnaker vart kåra til Jotun/Årdalstangen sin beste spelar.

HEIMELAGET SIN BESTE: Ein jury kåra Ida Jevnaker til Jotun/ÅTIL sin beste spelar.
HEIMELAGET SIN BESTE: Ein jury kåra Ida Jevnaker til Jotun/ÅTIL sin beste spelar.

Sotra 2 jubla

Nyopprykka Sotra 2 jubla høgt og lenge over sigeren mot årdølene. Alle  utespelarane til bortelaget scora.

- Me var veldig spente på kva lag som møtte oss, trass alt spelte dei (Jotun, journ.anmkn) i 2. divisjon siste sesong, smiler Sotra-spelarane Therese Norebø og Catrine Walde til Porten.no etter kampen. Dette var deira andre siger i sine to første kampar i 3. divisjon.

Kampfakta:

Damer, 3.divisjon

Jotun/ÅTIL: 10-29 (7-13)

Årdalshallen, laurdag 19. september 2015

Publikum: Ca. 140

Jotun/ÅTIL: Vilde Juvik Eldegard (målvakt), Henriette Forthun(målvakt), Eline Hestetun, Kristina Furebotn 3 (2på strf), Guro Undi 1, Jenny Øren Hove, Andrea Hunderi, Vanja Øren, Ida Jevnaker 2, Aina Juvik Eldegard, Andrea Luggenes 1, Malin Sylvarnes 1, Linn Løvdahl 1, Karoline Furebotn, Karianne Sanden. Lagleiarar: Olafur Sveinsson, Terje Sylvarnes, Reidun Myrland.

Toppscorar Sotra 2: Ann Helen Eriksen (7, 3 på strf)

Utvisningar: Jotun/Åtil: 2x2 min   Sotra 2: 2x2 min

Dommarar: Thor Gunnar Bakke og Terje Holvik 

TØFFE TAK: Det var tøffe tak for Linn Løvdahl og Jotun/ÅTIL i første seriekamp, men det er alt for tidleg å uttala seg om korleis laget vil framstå framover
TØFFE TAK: Det var tøffe tak for Linn Løvdahl og Jotun/ÅTIL i første seriekamp, men det er alt for tidleg å uttala seg om korleis laget vil framstå framover
Til toppen