Lillestrøm – Sogndal 4-0
Sogndal: Sogndølene var tilbake på norsk jord att torsdag, der seriekollega Lillestrøm var motstandar.
Der fekk Sogndal bra med juling mot laget som vart nummer tolv, plassen under Sogndal, i Eliteserien i fjor.
Lillestrøm gav seg ikkje før det stod 4-0 på måltavla. Chigozie Udoji, Bajram Ajeti, Fredrik Krogstad og Tobias Gran scora måla for dei gulkledde.
No går turen tilbake til Sogndal. I neste veke kjem Hødd på besøk til Sogn. Deretter er Strømsgodset og Brann motstandar før dei heile brakar laust i starten av april.