FÅNYTTES: Fana til fagforeninga i Årdal hadde orkesterplass under demonstrasjonane mot Acer framfor stortinget tidlegare i vinter. Den kampen vart tapt med klart fleirtal i dag.
FÅNYTTES: Fana til fagforeninga i Årdal hadde orkesterplass under demonstrasjonane mot Acer framfor stortinget tidlegare i vinter. Den kampen vart tapt med klart fleirtal i dag. (Foto: Leif Martin Kirknes/LO Media)

Stortinget sa ja til Acer

Trass ein beinhard kamp i forkant, og ein lang debatt i Stortinget, var det aldri særleg tvil om utfallet. 

Oslo: Etter ein lang debatt i Stortinget i dag, stemte fleirtalet for Acer og den tredje energimarknadspakken til EU litt før klokka 19.00 i dag.

Det var regjeringspartia Høgre, Frp og Venstre, som sikra tre fjerdedelar av stemmene saman med Miljøpartiet dei Grøne og Arbeidarpartiet.

Tidlegare på dagen hadde SV og Sp bedt om at saka vart utsett. Forslaget fell med 24 mot 78 stemmer. Fem timer med debatt skulle følga. Skeptikarane meiner ein slik avtale vil svekka styringa me har over norsk kraft, kan setta industriarbeidsplassar i fare og føra til auka straumprisar.

Ja-sida kvitterte med at dette er grunnlaus uro, og at europeisk energisamarbeid tvert om har tent Norge godt. Betydningen EU-samarbeidet har for klimakampen vart òg trekt fram.

Til slutt var det eit solid fleirtal som landa på å venda tommelen opp til Acer.

Til toppen