STYRKA: Kjersti Toppe skriv at fleire parti har bede regjeringa greia ut tiltak som kan sikra at elevar i ungdomsskulen får sterkare rett til opplæring på hovudmålet sitt. Arkivfoto
STYRKA: Kjersti Toppe skriv at fleire parti har bede regjeringa greia ut tiltak som kan sikra at elevar i ungdomsskulen får sterkare rett til opplæring på hovudmålet sitt. Arkivfoto

MEININGAR

Stortinget ynskjer betre vilkår for nynorskelevane

God språkopplæring kjem langt ned på lista når ungdomsskulane skal fordele elevar i nye grupper. Det rammar nynorskelevane i dei delane av Noreg med språkblanda skular, meiner stortingsrepresentant for Sp, Kjersti Toppe.

Senterpartiet meiner at elevar skal ha rett til å få opplæring på eige språk ut heile grunnskulen. Stoda i dag er at elevar berre har rett på opplæring i hovudmålet sitt i sju av 13 år i grunnskulen.

På barneskulen har elevar rett til å gå i eiga målformgruppe, dersom det er ti eller fleire elevar i skulekretsen som ynskjer ei anna målform enn fleirtalet. Men på ungdomsskulen gjeld ikkje dette. Då er det undervisningspersonalet og ikkje elevane som avgjer opplæringsmålet. 

Elevane i ungdomsskulen har ikkje rett til anna enn undervisningsmateriell og eksamen på eige språk og å levere skriftleg arbeid på hovudmålet. I praksis betyr det at i språkblanda skular der nynorskelevar er i mindretal, får elevane storparten av undervisninga si på bokmål. Norsk språkopplæringspolitikk bryt dermed med det som internasjonalt er rekna som ein sentral språkrett, nemleg retten til opplæring på eige språk. 

Elevane er langt frå ferdige med språkutviklinga si når dei er ferdige med barneskulen. Norskfaget er viktig, men for å bli trygg språkleg, bør ein møte målforma si i alle fag. Språket vert til, og vert styrkt av, at ein brukar språket. I språkmeldinga står det at det er eit overordna mål i språkpolitikken vår å sikre at det norske språket, bokmål og nynorsk, sin posisjon som eit samfunnsberande språk i Noreg. 

I dag er dette truga av eit målbyte i grunnskulen, som i hovudsak skjer frå nynorsk til bokmål. Difor har Senterpartiet saman med representantar frå Ap, KrF, Venstre og SV fremja eit forslag der ein ber regjeringa greie ut ei endring av opplæringslova § 2-5 og andre moglege tiltak som kan sikra elevane på ungdomsskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt og koma tilbake til Stortinget på eigna måte.

Ein samla komité i Stortinget støttar opp om forslaget. Det er godt nytt for nynorsken, og ikkje minst er det godt nytt for alle dei elevane som burde ha rett på opplæring på eige språk, men som ikkje får det i dag.

Til toppen