Ap-ordførarane Jon Håkon Odd, Jarle Aarvoll og Arild Ingar Lægreid.
meiningar
Ap-ordførarane Jon Håkon Odd, Jarle Aarvoll og Arild Ingar Lægreid. (Bilde: Halvor Storvik/Truls Sylvarnes)
meiningar

Stortingsvalet 2017 er eit vegval og ikkje minst eit verdival

Arbeidarpartiet vil byggja vidare på den norske modellen med små forskjellar, like moglegheiter og eit fellesskap som gir arbeid og tryggleik til alle. Eit samfunn der alle blir ivaretekne uavhengig av kvar du bur og kva du har med deg i ryggsekken.

For oss er arbeidsplassar, gode velferdstenester og god kommuneøkonomi viktigare enn store skattekutt til dei som har mest ifrå før.

Eit samfunn med auka forskjellar er ikkje vegen å gå . I dag opplever me større forskjellar mellom fattig og rik og større forskjellar mellom by og land.

Arbeidarpartiet vil gje like moglegheiter for alle og ta heile landet i bruk - by og land hand i hand.

Oljefondet skal sikra framtida til den oppveksande generasjonen. Me kan ikkje lenger tappa fondet for å oppretthald velferdsstaten Noreg. Difor er det nødvendig med skatteauke – ikkje for folk flest, men for dei som har evne til å bera dette.

Me er representantar for folket der folk bur. Difor er det viktig for oss at det blir ført ein nasjonal politikk slik Arbeidarpartiet legg opp til som:

  • skaffar fleire arbeidsplassar i heile landet,
  • styrkjer skule og helse og omsorg,
  • tek klimaendringane på alvor og
  • med styrka kommuneøkonomi sikrar velferdstenestene der folk bur.

Godt val og bruk røysteretten din!

Kristin Maurstad, ordførar i Vågsøy
Ola Teigen, ordførar i Flora
Håkon Myrvang, ordførar i Naustdal
Petter Sortland, ordførar i Høyanger
Harald Offerdal, ordførar i Balestrand
Jon Håkon Odd, ordførar i Leikanger
Jarle Årvoll, ordførar i Sogndal
Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal

Til toppen