TILBAKE: Kjellfrid Bøthun ønskjer å få Sogn og Fjordane tilbake som eige fylke.
TILBAKE: Kjellfrid Bøthun ønskjer å få Sogn og Fjordane tilbake som eige fylke. (Illustrasjon: Wikipedia)

MEININGAR

Stortingsvalet neste år – heilt avgjerande

– Spenninga ligg i AP og SP – parti som vil vere dei største og avgjerande når den skandaløse Vestland-konstruksjonen på nytt vil bli forsøkt oppløyst gjennom stortingsvedtak, skriv Kjellfrid Bøthun i innlegget.

Meiningar: I inneverande stortingsperiode har vi hatt gleda av at både Ingrid Heggø (AP) og Liv Signe Navarsete (SP) prøvde å stoppe fylkessamanslåinga med Hordaland. Dei arbeidde kvar på sin måte (og saman?) for at Sogn og Fjordane skulle halde fram som eige fylke.

Det er mange som av ulike årsaker ønskjer seg, og arbeider for eit nytt stortingsfleirtal.  Det fremste håpet mitt for komande stortingsperiode, er eit fleirtal som ikkje berre oppløyser Viken og Troms og Finnmark, men også Vestland. Dette krev m.a. at det er nokon med rak rygg som blir valde frå Sogn og Fjordane.

Kan bli verdifull «erstatning» for Heggø

Frå Arbeidarpartiet si side har vi berre registrert at Ola Teigen, som også er ordførar i Kinn, har lansert den unge og lovande Torbjørn Vereide. Han var langt oppe i AP sin nominasjonsprosess i 2016 og har god relasjon til LO i Sogn og Fjordane. Korkje i AP eller i LO er det stor begeistring for samanslåinga med Hordaland. Vi veit ikkje, men trur at Vereide inst inne vil føretrekkje Sogn og Fjordane framfor Vestland. Ein AP-representant som ikkje målber og etterlever dette på Stortinget, må ikkje få bli gammal på Løvebakken. Det er her AP kan tilby veljarane sine ein kandidat som i denne saka kan vere ein verdfull «erstatning» for Heggø. 

Senterpartiet har tilsynelatande kome lenger i prosessen. I media har det kome fram at nordfjordingen Erling Sande ligg eit hestehovud før sogningen Aleksander Øren Heen.  Sistnemnde har som gjennom fleire periodar i både kommunestyre og fylkesting, inkludert noverande periode, svært brei og djup erfaring for kor annleis livet er enn gjennom «Løvebakken-briller». Skal vi tru media, var Øren Heen ein av dei i SP si fylkestingsgruppe som streta mest mot nedlegging av Sogn og Fjordane som eige fylke.  SP sin førebelse 3. kandidat, ungdomskandidaten Emma Berge Ness, har også skrive tydeleg mot nedlegging av fylket vårt. Det er lovande.

AP og SP vert avgjerande

FrP er eit parti som er snart her og snart der, men som motstandarar av fylkeskommunar er dei vel like mykje mot Vestland som mot Sogn og Fjordane? Her kan kanskje kva som helst skje.

Noverande regjeringsparti (H, KrF og V) er ikkje stort meir å seie om – dei er vel høgst tilfredse med å ha fått til den sentraliseringa av makt og offentlege tenester som nedlegginga av Sogn og Fjordane vil innebere.

Miljøpartiet veit vi lite om, men ei reindyrking av miljøperspektivet, kan vel ikkje sjå sentralisering som botemiddel? Raudt og SV har også, både i program og anna praksis, gått så tydeleg mot fylkessamanslåing at toppkandidatar med anna meining vil kome som eit sjokk.

Spenninga ligg i AP og SP – parti som vil vere dei største og avgjerande når den skandaløse Vestland-konstruksjonen på nytt vil bli forsøkt oppløyst gjennom stortingsvedtak. Stem Ja til Sogn og Fjordane!

Til toppen