BRANN: Naudetatane har rykka ut etter melding om røykutvikling på Kaupanger.
BRANN: Naudetatane har rykka ut etter melding om røykutvikling på Kaupanger. (Foto: Skjermdump/Google Maps)

Full brannutrykking til Kaupanger – viste seg å vera sprengingsstøv

For tredje dag på rad rykka brannvesenet ut til Kaupanger. Denne gongen var det heldigvis falsk alarm.

Sogndal: Like før 12.30 køyrte brannbilar og ambulanse gjennom Sogndal sentrum med full sirene. Alarmsentralen kunne opplysa at dei har fått melding om røykutvikling i Olstad på Kaupanger.

– Me har fått melding om å køyra stor styrke ut, men me veit ikkje omfanget enno. Me sjekkar det ut no, kunne Siv Sørstrand ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane opplysa like etter.

Dette er tredje gong på tre dagar, og fjerde gong på ei veke, at brannvesenet rykkar ut etter melding om brann på Kaupanger.

Til forskjell frå dei føregåande gongane, viste det seg no å vera falsk alarm.

– Me har fått beskjed om at røykutviklinga stamma frå ein entreprenør som dreiv sprenging i området. Så det var ikkje brann, fortel Sørstrand til Porten.no ein halvtime etter den første oppdateringa.

Til toppen