NÆRØYPARKEN: Formannskapet i Lærdal stemte imot å bidra med grunnfinansiering av Nærøyfjorden Verdspark under møtet i april. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
NÆRØYPARKEN: Formannskapet i Lærdal stemte imot å bidra med grunnfinansiering av Nærøyfjorden Verdspark under møtet i april. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Støttar ikkje Verdsarvparken med grunnfinansiering

Lærdal kommune er ein av dei fire stiftarane av Nærøyfjorden Verdsarvpark, men ønskjer ikkje å gå inn med midlar til grunnfinansiering slik som Vik, Aurland og Voss no har gjort. 

Lærdal: Det vedtok formannskapet på møte i april. 

Stiftinga gjekk tidlegare i år ut å oppfordra alle dei fire stiftarane og Sogn og Fjordane fylkeskommune til å bidra med midlar til ei grunnfinansiering på totalt 1 million kroner. 

Les også: Kartleggjer kva område som er best eigna for turisme

– Kan ikkje forsvarast

Aurland er den kommunen som har gått inn med mest pengar, og har sagt ja til å bidra med 300.000 kroner. Vik vil bidra med 150.000 kroner og Voss med 100.000 kroner.

Styret i stiftinga spurde Lærdal kommune om 100.000 kroner, noko formannskapet einstemmig vedtok å ikkje gjere. 

– Det kan ikkje forsvarast å bruka pengar frå næringsfondet vårt til dette. Potten er brukt opp og me har ikkje spelerom for å vere med på denne finansieringa, er tilrådinga frå rådmannen i Lærdal. 

Lærdal kommune har vore med sidan starten då stiftinga vart oppretta i 2008. 

– Alt som skjer, skjer i Aurland. Halve budsjettet til stiftinga gjeld aktivitetar som skjer i Aurland, sa Trond Einemo under formannskapsmøte. 

Utmelding?

Voss og Vik kommune har vore flinke til å brukt symbolet som verdsarvpark i si reiselivsmarknadsføring. 

– Grunnen kan vere at det er reiselivet i Lærdal som ikkje nyttar seg av statusen som verdsarvpark, sa Einemo.

Formannskapet er usikre på om dei automatisk melder seg ut av stiftinga dersom dei ikkje er med på å bidra til grunnfinansieringa til Nærøyfjorden Verdsarvpark. 

– Planen er provoserande. Både skilting og stiar ligg inne i Verdsarvparken sin handlingsplan. Eg veit ikkje om me melder oss ut om me ikkje er med på å finansiera grunnbeløpet, seier Einemo. 

Til toppen