Støttar opp om sykkellaup

Støttar opp om sykkellaup

Formannskapet vedtok å gi tilskot til sykkelrittet Viking Tour, som skal innom Årdal i sommar.

Viking Tour er eit vekelangt sykkelritt for amatørar og reine trimmarar som sidan 2005 har arrangert sykkelaup på dei mest spektakulære fjellvegane på Vestlandet. 

Det er ikkje første gongen sykkelrittet som er delt opp i etappar, er innom Årdal. Det var til dømes det førstet laupet som gjekk over Tindevegen til Turtagrø.

I år er rittet mellom 18. og 24. juli, og den 20. juli er det målgang i Årdal. I samband med det har laupet søkt Årdal kommune om 7500 kroner til profilering av Årdal på deltakartrøyer og andre ting.

POSITIV: Både Brandsdal (Ap) og Heen (Sp) er positive til at sykkelrittet Viking Tour blir lagt til Årdal i sommar.
POSITIV: Både Brandsdal (Ap) og Heen (Sp) er positive til at sykkelrittet Viking Tour blir lagt til Årdal i sommar.

– Ap er der at summen på 7500 kroner er ein slik sum at dette er noko me kan takka ja til og innføra på bakgrunn av at det er ei positiv hending som skjer for lokalmiljøet vårt, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

– Me vil leggja til rette for at det skal positive arrangement og profilera bygda vår på ein god måte. Blant anna er det TV som vil vera tilstades.

I fjor blei det produsert eit halvtimesprogram frå rittet som har blitt sendt fleire gonger på TV 2 Sportskanalen.

Rundt 200 syklistar frå heile verda vil kome innom Årdal denne dagen, og Viking Tour er det einaste norske arrangementet som har vore hovudreportasje i Europas største sykkelmagasin. Kvart år vert det rangert jamnleg internasjonalt blant verdas topp ti sykkelopplevingar.

– Det er flott at folk ser verdien av å flytta arrangement til den flotte naturen me har. Då må kommunen takka ja, og då må næringslivet vera med. Dette er eit beskjedent beløp, seier Aleksander Øren Heen (Sp).

Tilskotet på 7500 kroner blir teken frå budsjettposten som heiter formannskapets disposisjon. 

Til toppen