STØTTAR SOGN: Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), frå Årdal meiner ein vestlandsregion er best tent med at Hemsedalsfjellet blir valt som hovudveg i tillegg til Haukeli. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
STØTTAR SOGN: Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), frå Årdal meiner ein vestlandsregion er best tent med at Hemsedalsfjellet blir valt som hovudveg i tillegg til Haukeli. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Støttar sogningane i veg-valet

Anne Gine Hestetun (Ap), opprinneleg frå Årdal, støttar sogningane i at Hemsedalsfjellet burde vera hovudveg mellom aust og vest.

Årdal: Kva som blir veg hovuveg nummer to heng framleis i lause lufta etter at Ketil Solvik-Olsen (Frp) berre klarte å peika ut E134 Haukeli som hovudveg mellom aust og vest.

Samstundes bestilte han ei konseptvalutredning (KVU) for Hemsedalsfjellet og Hardangervidda, som framleis kjempar for å bli valt som hovudveg.

Sistnemnde er nok det beste alternativet for bergenserar, men fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), talar eige fylket mitt imot og seier at ein Vestlands-region er betre tent om regjeringa går for Hemsedalsfjellet, skriv NRK.

Les også: Difor vil samferdsleministeren ha meir tid for val av hovudveg

– Ein vestlandsregion kan vera lite tent med aust-vest-hovudvegar over Hardangervidda og Haukeli. Det vil ikkje tena nordregionen, som Sogn og Fjordane er ein del av. Den beste løysinga er difor Hemsedalsfjellet og Haukeli, seier Hestetun til NRK.

Fylkesordføraren fekk seinare refs frå regiondirektør i NHO Hordaland, Tom Knudsen, for at ho så tidleg gjekk ut med si meining.

– Det næringslivet skulle ønskja er at ho hadde venta med utspelet til konseptvalutredninga var ferdig. Den er me invitert til å vera med på frå førstkomande måndag, seier Knudsen.

Til toppen