SOGNDAL FOTBALL: Styreleiar Jan Rune Årøy.
SOGNDAL FOTBALL: Styreleiar Jan Rune Årøy. (Foto: Sogndal Fotball)

MEININGAR

Støtte frå bygda er det viktigaste

Sogndal Fotball er inne i sin 44. sesong der klubben samanhengjande har spela toppfotball. Det kan me ikkje minst takka bygda og gode samarbeidspartnarar for.

Meiningar: Eit ungt A-lag har tidvis gleda oss med god fotball og speleglede denne sesongen. Våre supporterar har lov å gleda seg til tribunane blir opna for fullt igjen.

A-laget er og blir det viktigaste satsingslaget i Sogndal Fotball. Det slår sportsplanen fast. Men planen seier òg Sogndal Fotball skal vera ein toppklubb som satsar på breiddefotball.

Det har me teke konsekvensen av før 2020-sesongen. No har me fått eit tydelegare skilje mellom toppsatsing og breiddefotball i organiseringa.

Med i toppsatsinga er no eit G16-lag med mange av dei beste spelarane frå heile Sogn og Fjordane fylke, og eit tilsvarande lag i G14. Dei skal møta gode lag frå andre delar av landet under namnet Team Sogndal.

1000 aktive

Aktiviteten i klubben aukar på. I fjor registrerte Sogndal Fotball 980 aktive – frå A-laget til 6-åringane på miniakademiet. Dette talet vil truleg passera 1000 denne sesongen.

Dette skaper utfordringar på ein såpass liten stad som Sogndal. Som styreleiar ønskjer eg vera klar på at eitt av Sogndal Fotball sine suksesskriterium er samspelet mellom klubb, bygda og breidden – at me er ein felles gjeng.

Me skal ikkje stikka under ein stol at klubben dei siste åra har hatt utfordringar i breiddefotballen. Me håpar og trur den nye modellen løyser dette. Målet er at me no kan satsa på toppfotball samstundes som me gir eit tilbod både til dei som vil satsa - og dei som er med for å ha det kjekt.

– No har me fått eit tydelegare skilje mellom toppsatsing og breiddefotball i organiseringa, seier Årøy. Illustrasjonsfoto: Sogndal Fotball

Eigne talent viktige

Det er viktigare enn nokon gong for Sogndal Fotball å utvikla eigne talent både frå Sogn og Fjordane og Vestland. Steget frå krinsligaen til Sogndal Fotball blir for stort til at me kan rekruttera her. Det er blitt dyrt å kjøpa spelarar, og det kan liggja framtidig inntening for klubben ved at me kan selja spelarar me sjølve utviklar.

Sogndal Fotball har vore gjennom ein tøff periode der me har tilpassa oss nye økonomiske føresetnader. I slankeprosessen i fjor forsvann heile ti årsverk. Fire av desse kom i administrasjonen – den sportslege satsinga vart redusert med seks årsverk.

Men framleis er me ei stor lokal verksemd. Klubben har i dag 21 tilsette fordelt på 17 årsverk. I tillegg kjem spelarane våre. Klubben sitt budsjett for 2020 er på 32 millionar kroner.

Voks i alle kantar

Klubben voks ganske mykje ein periode, me voks litt i alle kantar. Det tok både fokus og kosta tid at me vart for store.

Eg meiner me no har funne tilbake til fundamentet vårt.

Difor kan me no satsa på fotballen, og kan levera det me skal til samarbeidspartnarane. Sogndal Fotball har rundt 130 sponsorar, og dei er fantastiske. Sjølv då pandemien råka landet i vår, stilte så å seia alle opp for klubben. Tenk berre på Lerum som har vore med oss utan stans sidan 1982!

Sogndal Fotball er heilt avhengig av den støtten me får – både frå sponsorar og folk i bygdi og distriktet. Når me skal avvikla ein kamp i OBOS-ligaen, er 120 personar i sving på dugnad på Fosshaugane Campus. I Eliteserien aukar talet til over 150. Under kampar mot nokre av dei store klubbane på 2010-talet, stilte så mange som 220 for å bidra.

Me vil vera opne

Sogndal Fotball sitt omdøme står framleis svært sterkt utover i landet. Så må me vera ærlege nok til å seia at me i periodar har hatt utfordringar når det gjeld omdømet vårt lokalt. Det handlar mellom anna om informasjon.

Klubben kan heilt klart bli flinkare til å informera både bygda og regionen om kva med driv med på Fosshaugane.

Me aktar å gjera noko med dette! Sogndal Fotball ønskjer å vera ein open organisasjon. Me ønskjer å ha eit lag og ein klubb bygdi og regionen kan vera stolt av.

Tre hovudgrunnar

Sidan 1977 har Sogndal Fotball spela i ein av landets to øvste divisjonar. Det er ein makelaus sterk prestasjon av ein klubb frå ei bygd ved Sognefjorden. Bak prestasjonen ligg det etter mitt syn tre grunnar til suksessen:

  • Kulturen og historia
  • Me har klart å byggja anlegg og fasilitetar som gjer at me står støtt
  • Me har hatt bygda og samarbeidspartnarane i ryggen heile vegen

Det siste punktet er det viktigaste av alt. Slik vil det også vera i framtida.

Sta no pao!

Til toppen