DIGITALT: SoFjo PRIDE vert digitalt i år.
DIGITALT: SoFjo PRIDE vert digitalt i år. (Foto: Privat)

Støtte og samhald for skeive

– Kvar dag i løpet av vidaregåande gjorde lesinga meg sikrare på at eg var skeiv. Spørsmålet vart då kva nøyaktig eg var, skriv Ragnhild i dette innlegget.

Sogn: I fjor var eg på min første og hittil einaste pirde-feiring, som også var den fyste i Sogn og Fjordane, nemleg SoFjo PRIDE 2019. Litt av grunnen til at eg ikkje har vore på fleire feiringar, er at eg tok tid til å bli sikker på identiteten min.

Eg har vakse opp i ei bygd i Sogn og Fjordane, med ingen skeive eg visste om rundt meg. Eg visste at skeive folk eksisterte, og at kanskje nokon i klassen min ein dag langt i framtida ville komme ut som skeiv, men eg trudde aldri at eg sjølv kunne vere det.

Homofil, bifil, transkjønna eller aromantisk

Dei tankane kom først på når eg byrja å følgje ukjente, og skeive, folk på sosiale media. Skeiv tematikk vart ein større del av nett-kvardagen min, og eg følgde fleire bloggar for å lære meir - eg ville jo vere ein god alliert.

I slutten av 10. klasse kom eg til ein konklusjon; dersom det faktisk eksisterte så mange unge skeive, kunne vel eg òg vere skeiv.

Kvar dag i løpet av vidaregåande gjorde lesinga meg sikrare på at eg var skeiv. Spørsmålet vart då kva nøyaktig eg var. Homofil, bifil, transkjønna og aromantisk var alle ting eg las om, men det var ikkje før eg vart venar med dei andre skeive på skulen at eg til slutt fant svaret.

Med dei kunne eg vere heilt open om forvirringa, usikkerheita og frustrasjonen min kring skeivheit, og framleis bli møtt med forståing.

Det var friande å vite at eg ikkje var åleine. No veit eg at viss eg ikkje hadde lese om opplevingane til dei skeive eg følgde på nett og difor aldri komme i kontakt med dei på skulen, hadde eg vore mykje meir åleine då eg skulle finne meg sjølv.

Pride er med å nedkjempe den einsemda som vi alle kjenner når vi ikkje kan snu oss til ein forståande. Det visar til andre skeive at dei ikkje er åleine, at dei har ein trygg plass å komme til.

Pride skapar ein openheit der vi kan møte kvarandre, snakke fritt om identitetane våre, få og gje støtte.

Ragnhild

På pride kan òg ikkje-skeive allierte vise solidaritet, spørje og lære, og på den måten blir vi ikkje så forskjellige. Spesielt på bygda, der ein ikkje har dei same samlingsplassane som i dei større byane, er det viktig med synleggjering og samhald.

I år blir pride digitalt i staden for møtebasert, og det er nok ein gong berre SoFjo PRIDE eg får delteke i. Det går heilt greitt for min del, fordi alle dei viktigaste komponentane ved pride, samhald, støtte og god stemning, framleis er til stades. Gledeleg pride, folkens!

Porten.no har valgt å ikkje publisere etternavnet på forfattaren av dette innlegget, då ho ynskjer å vere anonym. 

Til toppen