REISELIV: Korona-pandemien får store konsekvensar for reiselivet i Vestland, og fylkeskommunen lanserer no difor ei tilskotsordning for destinasjonsselskapa i fylket.
REISELIV: Korona-pandemien får store konsekvensar for reiselivet i Vestland, og fylkeskommunen lanserer no difor ei tilskotsordning for destinasjonsselskapa i fylket.

Støtteordning for destinasjonsselskapa i reiselivet

Korona-pandemien har skapt store utfordringar for næringslivet i Vestland. No lanserer fylkeskommunen ei eiga tilskotsordning for destinasjonsselskapa i reiselivet.

– Fylkeskommunen har etablert ei tilskotsordning for destinasjonsselskapa innan reiselivet, slik at dei i ei pressa stund kan halde fram å gje råd og støtte til den einskilde reiselivsbedrifta, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling i ei pressemelding. 

Reiselivet er ei av næringane som opplever dramatiske tider no. Dei set sitt lit til at bankar, Innovasjon Norge og statlege tiltakspakkar kan tilby hjelp til den einskilde reiselivsbedrifta, men dette er til destinasjonsselskapa.

Lovar raske svar 

Tilskotsordninga er eit av tiltaka Vestland fylkeskommune jobbar med for å vera med og dempe verknaden av korona-epidemien for næringslivet i fylket. 

Selskapa kan søkje om midlar frå fylkeskommunene fram til 17.april, og Sandal lovar rask saksbehandling og svar i løpet av ei veke. Reiselivsnæringa er viktig for store delar av Vestland, og er ei av næringane som blir sterkt påverka av koronokrisa.

– Det kjem ein dag då vi må arbeide oppatt aktiviteten i reiselivsnæringa, og då har destinasjonsselskapa også ei viktig rolle, sa Sandal i pressemeldinga.

Andre tiltak

Andre tiltak rettar seg mot leverandørindustrien innan olje og gass, små og mellomstore bedrifter og bedrifter i oppstartsfase.

Fylkeskommunen har og tiltak for å støtte bedrifter elles, og då som ei støtte gjennom Innovasjon Norge. 

Det er også utarbeidd ein tiltakspakke for samla fylkeskommunal innsats, som blir avstemt mot statlege tiltakspakkar og innsatsen til andre aktørar.

Til toppen