Sogndal: Dagens kamp på Fosshaugane var prega av ordentleg midtbanefotball heilt fram til overtid då dramaet verkeleg tok seg opp.
Heimelaget har hatt ei skikkeleg nedgangstid i det siste, so ynskja om trepoengeren var sterkt før møtet med Nest-Sotra sundag kveld.
Sogndal opna hardt med ein tydeleg svolt etter å ta kontroll på kampen. I både andre og sjuande minutt fekk dei gode sjansar, men ingen ballar hamna i nettet.
Spelet gjekk for det meste føre seg på Nest-Sotra sin halvdel denne omgangen, og i 48. minutt, like før fløyta blas til pause, fekk Eirik Birkelund ein kanonsjanse om lag ti meter frå mål. Ballen går over nettet.

I andre omgang skjer det lite før i 65. minutt: Sixten Dalen Jensen klinkar til frå seks meters hold, men ballen går som tidlegare over tverrliggaren.
Men so skjer det som skulle avgjere kampen: straffe til Sogndal! Akor Jerome Adams vert haldt att i ein duell. Nest-Sotra har nett gjeve heimelaget vinnarbilletten.
Joachim Soltvedt tek straffa og klinkar den i mål i 92. minutt. Dei neste fire minutta prøvar Nest-Sotra desperat å utlikne. Begge lag får gule kort, men ingen nye mål vert planta. Sogndal får tre poeng på heimebane.

Ein viktig kamp
Dagens oppgjer på Fosshaugane var viktig for Sogndal. Dei hadde berre vunne éin av dei siste seks kampane før dei skulle møte Nest-Sotra på heimebane. Storskårar Sigurd Haugen sat i karantene, og dei siste tre heimekampane har enda i tap. Både klubben, supporterar og bygda håpte på tre poeng mot Sotrastrilane.
– Det har butta imot i det siste, men viss du ser på prestasjonane og stigninga i det me har levert i det siste, så er eg sikker på at resultata vil koma og me skal gjera alt for å vinna kampen i kveld, sa trenar Eirik Bakke til Sogn Avis før kveldens oppgjer.
Neste kamp dei svarte og kvite skal spela er borte mot Sandnes Ulf. Kanskje reiser Sogndal til Rogaland med meir energi etter dagens siger?
