TREFTE BLINK MED SPELARBYTE: 1-1 vart eit godt resultat for Sogndal, i og med at Aalesund tapte sin kamp. Utlikningsmålet vart scora av Joachim Soltvedt, minuttet etter at Bakke bytte han inn.
Video

Strafferedning og sjakktrekk frå Bakke vart avgjerande for Sogndal

Joachim Soltvedt var fyrstemann til å verta byta inn for Sogndal, eit minutt seinare hamra han eit innlegg i mål frå kort hald. Sjå høgdepunkta frå kampen!

Stabæk-Sogndal: 1-1 (1-0) 

Stabæk hadde ballen og presset dei fyrste fem minutta av kampen, men det var Sogndal som fekk den første store sjansen på ei flott kontring. 

Bjørn Inge Utvik, som spela på midtbana for Sogndal i kveld, sende ein flott ball ned på venstre kant. Ole Martin Rindarøy ilte nedetter vingen, før han sende eit framifrå innlegg inn i farleg posisjon rett ved femmeteren. Martin Ramsland kom rusande mot ballen, men uheldigvis for han og for Sogndal, var det ein Stabæk-spelar som fekk ein fot på ballen fyrst, slik at han vart klarert unna. 

Men so festa heimelaget grepet om kampen for alvor, og Sogndal var knapt frampå meir i fyrste omgang, bortsett frå eit farleg innlegg litt forbi midtveges i omgangen.

Stabæk - Sogndal 1-1 (1-0)

Kampfakta:

Stadion: Nadderud 
Domar: 
Tom Harald Hagen (Grue IL)

Målscorarar Sogndal: Joachim Soltvedt (55) 
Gule kort Sogndal:
Eirik Birkelund, Mathias Dyngeland, Stanisa Mandic

Lagoppstilling Sogndal:

1.   Mathias Dyngeland
2.   Taijo Teniste
40. Even Hovland (k)
41. Kjetil Wæhler
15. Per-Magnus Steiring
14. Ole Martin Rindarøy 
77. Stanisa Mandic (Eirik Bergum Skaasheim 86.)
27. Eirik Birkelund
3.   Bjørn Inge Utvik (Joachim Soltvedt 54.)
7.   Eirik Schulze
11. Martin Ramsland (Markus Dahlen Brændsrød 77.)

Stabæk, på si side, kom til eit farleg skot i 12. minutt, og eit farleg innlegg og eit farleg hjørnespark i dei fylgjande minutta, og hadde ballen mest heile tida, og høgt på Sogndal sin banehalvdel. 

Det kom soleis ikkje som noka overrasking då bærumlaget tok leiinga i det 29. minuttet. Eit innlegg frå høgre kant kom inn i boksen i retning mot Even Hovland og Stabæk-spelaren Ola Brynhildsen. Tenåringsspelaren til Stabæk kom fyrst på ballen, med eit slags volleyskot som kunne sjå sleivete ut, men som gjekk stang inn bak Dyngeland i sogndalburet.

Straffedrama

Ikkje før Stabæk-jubelen hadde tagna, vart Kjetil Wæhler dømt for å ha felt ein Stabæk-spelar, like innanfor sekstenmetersstreken. Sisteskansen til Sogndal, Dyngeland, protesterte og meinte fellinga hadde skjedd utanfor lina, men i reprisen såg det ut som om fellinga hadde skjedd på lina eller like innafor lina.

Dyngeland fekk derimot sin revansje då han redda straffesparket meisterleg. Det var mannen med 17 mål for Stabæk denne sesongen, og som jaktar på toppscorar Bendtner sine 19 mål, som tok straffa. Ohi Omoijuanfo skaut både hardt og ganske langt ut mot stolpen, men Dyngeland gissa riktig, gjekk til høgre og gjorde ei svært god redning, sjølv om ballen rett nok var i keeperhøgde. I pausen vart Dyngeland intervjua av Eurosport, og spurt om kor viktig redninga var: 

– Eg vonar redninga er viktig. Om me får med oss eit resultat, so er ho avgjerande. Om det vert tap i dag, so har ho ikkje noko å seia. Men me vil ha poeng, svara Dyngeland.

Bakke med full klaff då han gjorde fyrste spelarbyte.

Bjørn Inge Utvik, som har vore skada gjennom denne sesongen, vart bytt ut ti minutt ut i andre omgangen. Inn kom tjuetoåringen Joachim Soltvedt. Han scora etter eit vakkert innlegg frå Stanisa Mandic på høgresida, etter at Mandic sjølv hadde vorte spela fint gjennom av Eirik Birkelund. Stabæk-keeperen rusa ut mot Soltvedt, men nådde ikkje fram, og Soltvedt slo både forsvarar og keeper i denne duellen og hamra ballen kontant i mål.

Etter målet hadde Sogndal ein fin periode. Mandic la inn til Soltvedt på nytt, men innlegget hamna bak Soltvedt. Hadde innlegget kome lenger fram, kunne det fort stått 1-2, målsjansen var vel so stor som den som vart til mål like før. 

Etter kvart fekk Stabæk igjen taka over kampen, og dominerte totalt dei siste tjue minutta. Dei kom til fleire livsfarlege sjansar, og kunne fort fått ei nettkjenning i i kampen sin aller siste fase eller jamvel i tilleggsminutta. 

Om Sogndal har hatt marginane i mot seg dei siste kampane, hadde dei litt tur i kveld som klarte 1-1.

Til toppen