NØGDE: J15-laget til Jotun nådde målet om A-sluttspel, og då var dei strålande nøgde med eigen prestasjonar. No ventar rolege dagar i Gøteborg. Foto: Frank Roger Eldegard.
NØGDE: J15-laget til Jotun nådde målet om A-sluttspel, og då var dei strålande nøgde med eigen prestasjonar. No ventar rolege dagar i Gøteborg. Foto: Frank Roger Eldegard.

Strålande nøgde med eigne cupprestasjonar

Målet til Jotun sitt jentelag var A-sluttspel i Gothia Cup, og det greidde dei.

Gøteborg/Årdal: Torsdag var cupeventyret over for samtlege Jotun-lag då J15-laget måtte sjå seg slått av svenske Eriksbergs IF, eit lag for jenter som vil satse i Gøteborg-regionen, og som rekrutterer etter prøvespel.

– Det har gått kjempebra. Me har møtt veldig gode lag. Dette er den største turneringa i verda, og då er den sportslege motstanden i forhold til det, seier lagleiar Frank Eldegard.

– Det har vore tøffe, harde kampar, men me hadde mål om A-sluttspel. Det hadde me ikkje gjort før, og det greidde me. Det er klart det kosta, og i dag er me både sletne og har litt skadar, så det blei tøft.

J15-laget spelte 09.00 i dag tidleg. Jotun låg under 0-3 før Sara Brandsdal scora grøntrøyene sitt einaste i ein jamn kamp som enda med 1-3-tap.

– Jentene er god nøgde med eigne prestasjonar. Dei jubla godt i går sidan det har vore fokus på å nå A-sluttspelet og dei greidde det. Då var dei letta. No har me spelt kampar fire dagar på rad, så no skal dei få kosa seg.

Artikkelen held fram under biletet.

JUBEL: Jentene var sjølvsagt letta og svært glade då dei nådde målet om A-sluttspel i Gothia Cup.
JUBEL: Jentene var sjølvsagt letta og svært glade då dei nådde målet om A-sluttspel i Gothia Cup.

Heile gjengen vender nasen mot Årdal att laurdag, men først skal sjølvsagt Gøteborg opplevast, og så er det sikkert enkelte som har feriepengar som skal nyttast til noko fint. 

Når det gjeld gutelaga, sa det også stopp for dei i første kamp etter gruppespelet. G14, som også kom til A-sluttspelet, rauk på eit 1-2-tap for Onsala BK. Magnus Risnes Wolff gav Jotun leiinga, men det svenske laget snudde og vann.

G13 og G16-laget fekk det begge tøft i sine B-sluttspelskampar. G13 tapte 0-7 for Fässbergs IF, medan 16-åringane tapte 0-9 for Rochester School.

Til toppen