Sogndal: Klokka 14:35 melder Sognekraft om at strekninga Eide, Kjørnes, Barsnes, og Loftesnes, er i orden igjen, og at alle i det området har fått att straumen.
Feilen er då isolert til å ligge i Kvam - Ølnesområdet.
– Vi set alle mann i det området for å prøve å finne feilen snarast råd, melder Sognekraft.
Torbjørn Menes, overordna vakt i Sognekraft informerer om at Sognekraft no jobbar med å leite etter feilen.
Menes oppmodar alle i området til å halde seg oppdatert på Facebook og nettstaden deira for meir informasjon.