Lærdal: – Me er avhengige av strum for å halda i gang vassforsyning, avløp og pumpene som fører kloakken dit den skal. På Lærdalsøyri er det flatt, så går ikkje desse pumpene må me setja inn andre tiltak for å unngå at folk får kloakken i kjellarane sine, seier kommunalsjef for tekniske tenester i kommunen, Alf Magne Hjellum.
Behovet for tiltak og kva ein skal setja i verk kjem an på kor lenge straumen blir vekke. Her kan vakthavande hjå Lærdal Energi sitja på svaret når dei veit kva som er årsaka til straumbrotet. Men teknisk har opplevd å ikkje koma gjennom på vakttelefonen til energiverket.
– Me ønskjer ein dialog om eit betre system som gjer at me lettare får denne informasjonen. Sjølvsagt har me full forståing for at dei ikkje alltid veit kor lenge straumen vil vera vekke, men ofte vil dei kunne gje eit estimat når feilen er oppdaga. Og då treng me å få vita dette estimatet, forklarar Hjellum.
Må halda oppe temperaturen på heimen
Eit anna potensielt stort problem ved langvarige straumbrot er å halda temperaturen på aldersheimen oppe.
– Det tek jo tid før temperaturen synk, så er straumen vekke i ein halvtime treng me ikkje setja inn tiltak. Men blir den vekke i mange timar må me fyra i omnar, få samla bebuarane og finna løysingar for matlaging. Då treng me også å vita noko om kor lenge straumen er venta å vera vekke.
Eit aggregat på aldersheimen skal på plass tidleg komande år. Dette vil slå inn automatisk ved straumbrot, men inntil aggregatet er på plass gjeld det altså å løysa slike situasjonar på andre måtar.
Skal løysa problemet
Lærdal kommune har sendt ei avviksmelding til Lærdal Energi der dei ber om å gå i dialog om nye rutinar for vakttelefonen. Hjellum ser føre seg ei direktelinje mellom kommunen og energiverket som ikkje blir blokka av andre som ringjer på den ordinære vakttelefonen.
– Ettersom me er ein såpass stor kunde og skal halda i gang svært viktige funksjonar.

Dagleg leiar ved Lærdal Energi, Per Gullaksen, seier dei skal løysa problemet.
– Dette har gått greitt tidlegare, men me har hatt tilfelle av straumbrot der gjerne femti kundar ringjer på ei gong, og difor har vakttelefonen vorte overbelasta. No har me avtalt møte med kommunen og løysinga kan bli ei direktelinje.