TRE TIMAR: Etter å ha vore svartlagd i nesten tre timar er det omsider lys på Hydro att. På det tidspunktet var det kritisk. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRE TIMAR: Etter å ha vore svartlagd i nesten tre timar er det omsider lys på Hydro att. På det tidspunktet var det kritisk. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Straumen er tilbake: – No er me letta

Etter nesten tre timar utan straum er det endeleg lys i Øvre Årdal att.

Årdal: Då Porten.no snakka med fabrikksjef Egil Fredriksen få minuttar før straumen kom tilbake, sa han at dette var kritisk for kvart minutt som går.

– På ein fredagskveld som dette er klart me er letta. Dei siste 15 minuttane no, så er det klart at ein byrjar å få angst. No var det ikkje lenge att før det byrja å gå gale, seier Fredriksen.

LETTA: Fabrikksjef Egil Fredriksen seier han er letta etter at straumen kom tilbake.
LETTA: Fabrikksjef Egil Fredriksen seier han er letta etter at straumen kom tilbake.

Han kan førebels ikkje seia noko klart om kva som er årsaka til straumbrotet, men fortel at det har skjedd i samband med stormen Tor som herjar ute.

Om lag 17.15 gjekk straumen i heile Årdal, men det gjekk kort tid før den var tilbake på Årdalstangen og områda rundt. I Øvre Årdal derimot har dei vore straumlause i nesten tre timar. Då er det kritisk for eit aluminiumsverk.

– Du kan referere til det som skjedde i Qatalum, seier Fredriksen. Ein straumstans der førte til at Hydro tapte store pengar. 

– Det kan ein ikkje tenkje på det ein gong, men det er klart det vil ta tid før elektrolysen er normal igjen. Me snakkar opp til 14 dagar før det er normalisert. Så for verket betyr dette eit tap i produksjon, og då snakkar ein fort rundt millionen.

Tips oss på tips@porten.no, 480 13 131 eller SMS kodeord PORTEN ‹di melding› til 1963.

HEILT SVART: I nesten tre timar var det heilt svart på smelteverket i Øvre Årdal. Det kunne fått alvorlege konsekvensar.
HEILT SVART: I nesten tre timar var det heilt svart på smelteverket i Øvre Årdal. Det kunne fått alvorlege konsekvensar.

 

Til toppen