LUKKA DØRER: KIWI-butikken på Lærdalsøyri var blant dei som fekk merka straumbrotet på føremiddagen i dag.
LUKKA DØRER: KIWI-butikken på Lærdalsøyri var blant dei som fekk merka straumbrotet på føremiddagen i dag. (Foto: Porten.no-tipsar)

Straumen attende i Lærdal

Ein brytarfeil ved Borgund Kraftverk råka alle abonnentane inn mot sentrum. Ein time seinare var feilen fiksa.

Lærdal: I 10-tida i dag forsvann straumen i Lærdal. KIWI-butikken på Lærdalsøyri var blant dei som har måtta stenga dørene medan dei venta på å få han tilbake.

BRYTARFEIL: Ein brytar ved Borgund kraftverk vart ute av spel onsdag føremiddag. Alle abonnentane frå kraftstasjonar mot Lærdalsøyri vart råka. Foto: Ole Ramshus Sælthun/arkiv.

– Me er lovd at straumen skal koma på plass ganske fort, sa Jon Yttri i Lærdal Energi til Porten.no klokka 10.45.

Han fortalde då at ein brytar var slått ut på Borgund kraftverk.

I 11-tida hadde dei som bur aust for kraftverket og mot fylkesgrensa allereie fått tilbake straumen. Fem minutt seinare kom meldinga om at alle abonnentane mot Lærdalsøyri òg no har lys i taklampene.

Til toppen