USTABIL: Problem med straumforsyninga frå land har gjort at MF Ampere har vorten innstilt ei rekkje gongar i august.
USTABIL: Problem med straumforsyninga frå land har gjort at MF Ampere har vorten innstilt ei rekkje gongar i august. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

Straumforsyningsproblem for el-ferje

El-ferja MF Ampere på sambandet Lavik – Oppedal hadde ein dårleg månad i august med mange innstilte avgangar.

Høyanger/Gulen: – Dette forventar eg at dei løyser opp i. Det er stor frustrasjon for mange om ei ferje plutseleg utgår frå tabellen, seier ordførar i Høyanger kommune, Petter Sortland (Ap). 

Norled kan melde at det har vore ein lang periode med svært god statistikk for ferja mellom Lavik og Oppedal, med fleire månadar utan nokon innstilte avgangar. Men så kom august. 

– I august månad har det vore 43 innstilte avgangar på sambandet. Dette er vi ikkje nøgde med, seier Kari Kvam Ytreland, assisterande regionssjef i Norled.

El-ferjer er komne for å bli

Norled seier at dei fleste innstillingane den siste månaden dreiar seg om utfordringar med ladestasjonen som forsyner MF Ampere med framdriftstraum. 

– Me er avhengige av stabil straumforsyning frå land for tilstrekkeleg jamn lading av våre batteri på land. Visst ikkje straumen er stabil, vil ladestasjonane våre trippe og batteripakken blir sett ut av drift, seier Ytreland frå Norled. 

Ordføraren har også lagt merke til at det har vorte registrert fleire driftsmeldingar den siste månaden, og håpar det er forbigåande.

– Ferja må jo kunne fungere og korrespondere med dei to andre ferjene som trafikkerar området, seier han.

Han trur at folk har litt større forståing når den «nye» elektriske ferja får problem enn dei vanlege ferjene. Likevel er det krav til regularitet hos dei elektriske ferjene. 

– Det kjem fleire samband med batteridrift. Dette er kome for å bli. Teknologien gjer store framsteg på dette område, seier Sortland. 

Fortener ei rask løysing

Norled seier dei jobbar tett med deira leverandørar og har god dialog med BKK for å løyse problemet.

– Det skal ikkje vere slik at våre passasjerar må venne seg til regelmessige driftsavbrot. Det er ikkje i tråd med den kvaliteten Norled står for. Me jobbar for å finne ei rask løysing. Det fortener dei som reiser med oss, seier Ytreland. 

 

 

 

Til toppen