DÅRLEGE VILKÅR: – Mange meldingar er knytt til dei dårlege vilkåra til enkelte av selskapa som lokkar med billig straum i spotmarknaden, seier forbrukardirektør Randi Flesland. Illustrasjonsfoto
DÅRLEGE VILKÅR: – Mange meldingar er knytt til dei dårlege vilkåra til enkelte av selskapa som lokkar med billig straum i spotmarknaden, seier forbrukardirektør Randi Flesland. Illustrasjonsfoto (Foto: Truls Grane Sylvarnes. Illustrasjonsbilete. Ikkje frå Aurland)

Straumklager skaut i vêret

Straumselskapa bruker kampanjar for å komme høgt på tenesta strømpris.no, for så å skru opp prisen, meiner Forbrukarrådet. No skal lokketilbod bli luka ut.

  • Endret

Spørsmål om straum har meir enn dobla seg sidan same periode i fjor, viser Halvårsoppsummeringa til Forbrukarrådet halvårsoppsummering.

– Ein oppgang på 116 prosent er ikkje vanleg. Mange meldingar er knytt til dei dårlege vilkåra til enkelte av selskapa som lokkar med billig straum i spotmarknaden, seier forbrukardirektør Randi Flesland.

– Det er ikkje greitt å lure folk på denne måten, og det er heller ikkje greitt at dei er dei første som dukkar opp når du søkjer på straum på nettet, seier forbrukardirektøren, som rår folk om å unngå selskap med kort frist på prisendring, og som ikkje varslar kundane sine på SMS eller e-post.

Forbrukarrådet introduserte tenesta strømpris.no for eit par år sidan. Flesland vedgår at prissjekken uforvarande kan ha medverka til at fleire selskap har kasta seg på i kampen om lokketilbod.

– Det er mange selskap som utnyttar moglegheita til å komme på topp med litt uærlege metodar. No jobbar vi med å endre portalen for å luke ut desse produkta, seier Flesland.

Til hausten skal strømpris.no stå fram i ny versjon der produkta tydeleg merkes dersom det dreier seg om kampanjeprisar.

Til toppen